Hopp til innhold

Fekk tilskot til utanlandstur og festival – risikerer å måtta betala tilbake éin million

Organisasjonen UngVest fekk store tilskot til utanlandsopphald og frivilligfestival. I ein granskingsrapport frå Deloitte kjem det fram at nesten éin million kroner ikkje er brukt slik det skulle.

UngVests lokale i Strandgaten i Bergen vart også brukt av både dagleg leiars hypnosefirma og slankefirmaet Kivita Vektklubb som tilhøyrde ein medlem av UngVests kontrollutval. Andre firmaskilt er no fjerna.

MILLIONKRAV: UngVest er ein nettverksorganisasjon som skal inspirera og hjelpa rundt 40 barne- og ungdomsorganisjonar på Vestlandet. No er dei i hardt vêr grunna spørsmål om økonomi og bruk av tilskot.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

NRK har tidlegare fortald om den knusande rapporten om økonomisk og organisatorisk rot i UngVest.

Organisasjonen har dei siste tre åra fått 1,8 millionar kroner i driftstilskot frå fylkeskommunen til å mellom anna skapa aktivitetar for barn og unge i fylket.

– Me fatta mistanke om at pengane ikkje blei brukt som dei skulle, sa leiar Stian Jean Opedal Davies (Ap) i kulturutvalet, om kvifor dei bestilte granskingsrapporten.

I rapporten frå Deloitte kom det mellom anna fram at dagleg leiar i UngVest har brukt organisasjonens lokale til sitt private hypnosefirma, utan å betala leige.

– Nær ein million under tilskota

Men UngVest har også fått store ekstraordinære tilskot frå andre aktørar.

I 2018 fekk dei 350.000 kroner i støtte for å arrangera ein «Frivillighetsfestival».

  • I følge rekneskapstala deira som Deloitte har funne, blei kostnadane berre 90.000 kroner.

I 2018 og 2019 fekk UngVest totalt over 1,3 millionar kroner til utvekslingsopphald via EU-programmet «Erasmus+ Aktiv ungdom».

  • Men rekneskapstala deira viser kostnadar til utvekslingsprosjekt på kring 500.000 i 2018 og berre 112.000 kroner i 2019.

Rekneskapet Deloitte har fått sett, viser at UngVest sine kostnadar til festival og utvekslingsopphald desse to åra dermed var rundt 950.000 kroner mindre enn tilskota dei fekk.

Andreas Borud, gen sekr

REAGERER: Generalsekretær Andreas Borud i LNU.

Vil krevje pengane tilbake

No reagerer organisasjonen som gav dei tilskot til «Frivillighetsfestivalen».

– Dersom det viser seg at pengane ikkje er brukt riktig eller at det er pengar til overs, vil me ikkje nøla med å krevja pengane tilbake, seier generalsekretær Andreas Borud i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Også Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er uroa for om pengar dei har gitt ikkje har gått til utvekslingsopphald gjennom Erasmus+.

– Viss den faktiske og reelle rekneskapen viser at UngVest har brukt kun 112.000 kroner av dei mottatte ca. 600.000 kronene, vil me ikkje akseptera det, skriv spesialrådgjevar Erik Langbråten i Bufdir til NRK.

Meiner pengar gjekk til å dekke andre ting

Deloitte-rapporten skildrar korleis planane om «Frivillighetsfestivalen» i 2019 til slutt vart vesentleg mindre.

«Arrangementet blei gjennomført i ein mindre skala» fordi «det var få av medlemsorganisasjonane som ville delta» og «det ikkje var tilstrekkeleg kapasitet i organisasjonen», har Deloitte fått opplyst.

LNU seier til NRK at UngVest i sluttrapporten om festivalen førte opp eit vesentleg høgare kostnadstal enn 90.000 kroner og «at det meste ved festivalen gikk som planlagt».

LNU: – Alvorleg

Deloitte meiner tilskotsmidlar som skulle gå til festivalen i staden har «bidratt til å dekke inn øvrige kostnadar i organisasjonen» og slik redusera underskotet i UngVest.

– Me ser alvorleg på opplysningane som har kome fram i rapporten. UngVest er forplikta til å gjennomføra aktivitetane som dei har søkt oss om støtte til og som dei laga budsjett for, seier Borud i LNU.

Han opplyser at dei sidan september 2019 har purra fleire gonger på UngVest om å få betre dokumentasjon.

No har LNU sett i gang ein utvida kontroll av Frivillighetsfestival-prosjektet og bede om å få utlevert alle bilag og annan dokumentasjon.

Samstundes understrekar LNU at det er vanleg rutine å krevja tilbake ubrukte pengar. Viss pengar er brukt i strid med føresetnadane eller retningslinene, vurderer LNU å krevja tilbakebetaling eller om avviket har rimelege forklaringar.

Bufdir: – Urovekkande

Etter å ha blitt kontakta av NRK, har Bufdir gått gjennom papira sine om UngVest utan å finna noko problematisk.

– Det er ingenting som tyder på noko kritikkverdig i dei dokumenta me har tilgang til. Alle prosjekta er det rapportert på, og dei er dokumentert i tråd med krava, skriv Langbråten i Bufdir.

Likevel vil dei no undersøka UngVest nøye.

– Tilskotsforvaltning er basert på tillit. Viss den blir broten, er det difor spesielt viktig å reagere på tillitsbrotet. Det blir eit skjerpande omstende, skriv han.

UngVest: – Feilaktig bilete

Øystein Rambjørg er styreleiar i UngVest sidan april i år. Han var også med i styret 2016-2020, og styreleiar fram til 2016.

Etter det han kjenner til, vart tilskotet til «Frivillighetsfestivalen» i hovudsak brukt til føremålet.

Rambjørg skriv til NRK at Deloitte-rapporten har tatt utgangspunkt i dei samanstilte rekneskapane UngVest har lagt fram på årsmøta sine, ikkje fullstendige rekneskapar.

– Rekneskapane på årsmøta gjev ikkje nødvendigvis eit godt bilete av kva for utgifts- og inntektspostar som høyrer saman. Ein kan da få eit feilaktig bilete av dei faktiske forholda.

UngVest er no i dialog med LNU og arbeider med å framskaffa dokumentasjonen dei har bede om.

Om Erasmus-tilskota frå Bufdir skriv Rambjørg:

– Ut frå det eg har av tilgjengeleg informasjon, skal kostnadane i utvekslingsprosjekta som er gjennomført desse åra, vere dekka av dei tildelte midlane. Alle prosjekta er sluttrapportert og godkjent av Bufdir.