Hopp til innhold

Brør fekk superbonus i sitt første møte med hjortejakta

Brørne Eirik og Jonas Aase Kaldahl fekk tidenes møte med hjortejakta i Botnane.

FILMA: På veg over til søskenbarnet sitt høyrde brørne Eirik og Jonas Aase Kaldahl ein merkeleg lyd. Då dei forstod at det var horn som klakka saman tok dei fram mobilen og filma.

Oppglødde over å ha hjelpt søskenbarnet Vetle Aase Øvrebotten (30) med å felle ein kalv, stod brørne plutseleg 20 meter frå to svære bukkar i ein brutal kamp på liv og død.

– Vi var jo allereie i ekstase og skulle sjå den første kalven vi nokon gong har vore med på å skyte. Så fekk vi oppleve dette? Det var ganske kult, seier Eirik Aase Kaldahl (23).

Hjelparane mest nøgd

Vi må skru tida vel ein månad tilbake i tid, til Botnane i Bremanger. Her har Aase Øvrebotten vore med på jakt sidan han kunne gå, og har jakta sjølv i ei årrekkje.

Denne gongen var søskenbarna frå Ski i Akershus med. Væpna med kikert og radiosamband leia Eirik og Jonas jegeren frå andre sida av dalen.

– Eg var i utgangspunktet strålande nøgd med å felle kalven, men så fekk dei den bonusen, seier Vetle. Sjølv følgde han slåstkampen over sambandet.

– Godt gjort

– Det er uvanleg å komme så tett på slåstkampane. Eg har sjølv berre sett det gjennom kikerten, så eg er ganske misunnelege på dei som opplevde dette på sin første jakttur. Det skal godt gjerast, seier Aase Øvrebotten.

Eirik Aase Kaldahl, Jonas Aase Kaldahl og Vetle Aase Øvrebotten

GODT NØGDE: Det vart ei oppleving utanom det vanlege då brørne Eirik (f.v.) og Jonas Aase Kaldahl vart med søskenbarnet Eirik Aase Øvrebotten på hjortejakt i Bremanger.

Foto: Privat

Det er mykje hjort i området og det er ikkje uvanleg å sjå 20–30 dyr på ein jakttur. I brunsten er det i tillegg mykje lyd frå hjorten.

– Dei er ganske kameratslege gjennom sommaren, men frå september splittar dei seg litt opp. Dei to midtarste vekene i oktober er det brøling og litt slåsting. Du ser rett som det er hjort som er skadd, seier han.

Brutal kamp

– Når ein ser videoen forstår ein kvifor, legg han til.

Det kan Eirik skrive under på.

– Det var ganske brutalt. Dei stanga først og hadde gevira i kvarandre. Den eine kom seg laus og køyrde horna i den andre. Då forstod han at slaget var tapt og la på sprang. Det var tydeleg at den var skadd, seier 23-åringen.

– Men det var ei stor oppleving?

– Dette toppar lista ganske klart. Det viser kor mektig naturen er og korleis det er å leve der. Sjølv om du er stor, så må du slåst mot større for å overleve. Du ser kampen for tilværet med eigne auge.

Skal tilbake – som jegerar

Jegerlaget såg seinare etter bukken og kom over ein daud med tilsvarande skader. Dette var truleg ikkje den same.

Naturopplevinga i Botnane gav likevel meirsmak. Til neste år håpar syskena frå Akershus å vere tilbake på hjortejakt. Då som jegerar.

– Eg skal ta jaktprøva over nyttår. Vi skal definitivt tilbake til Bremanger på jakt, seier han.