Hopp til innhold

Fekk testa akuttberedskapen for tredje gong

Nok ein gang fekk Lærdal sjukehus testa katastrofeberedskapen sin, då det braut ut brann på Høgeset leirskule på Tyin natt til tysdag.

Leirskolebrann i Valdres

DRAMATISK: Leirskulen på Høgeset på Tyin er totalskadd etter brannen natt til tysdag.

Høgeset leirskule

Slik såg det ut på Høgeset Leirskule på Tyinkryset føremiddag etter brannen.

Foto: Siren B. Svortevik

100 lærarar og elevar blei berga frå storbrannen. 12 danske elevar i tjueåra som var på leirskulen blei sende til sjukehuset i Lærdal, og der stod ekstra mannskap klare til å ta imot dei.

– No er det jo litt spesielt at det er tredje gongen vi kjem i denne situasjonen. Vi starta jo med Gudvangabrannen i 2013, så hadde vi Lærdalsbrannen i fjor og no brannen på Tyin natt til i dag, seier Kåre Mentz Lysne, lokal koordinator på Lærdal sjukehus, til NRK.

Var varsla langt fleire

Men dei første meldingane tyda på at det kunne ha kome langt fleire pasientar til sjukehuset, som ligg om lag ein time frå Tyinkrysset.

– Det vart først meld at det kanskje ville komme 69 til 70 pasientar, men heldigvis var det berre 12. Alle var lett røykskadde og alle fekk oksygenbehandling og behandling frå lege, fortel Lysne.

Lærdal sjukehus

BEREDSKAPSKLARE: Brannen på Tyin synte nok ein gang at akuttberedskapen ved sjukehuset i Lærdal fungerer.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Beredskapen fungerte godt

Med Gudvangabrannen og Lærdalsbrannen friskt i minne, visste dei tilsette på sjukehuset i Lærdal korleis dei skulle takle situasjonen. Dei kalla inn ekstra sjukepleiarar og ein ekstra legesekretær som registrerte inn pasientane.

– Dette fungerer veldig godt, og det er god kommunikasjon med AMK i Førde som då kalla ut det lokalmedisinske teamet på sjukehuset. Alle fekk ei seng å sove på. Slik at alle fekk seg både frukost i dag tidleg og litt mat før dei vart henta med drosje seinare på dagen.

Ein er budd på å ta imot alle typar pasientar og det er eit godt samarbeid med AMK

Kåre Mentz Lysne

Er budde på fleire hendingar

– Det nærmar seg påske og storutfart i fjellet, er de budde på fleire slike alvorlege hendingar?

– Ja, vi har akuttmedisinsk beredskap heile tida. Ein er budd på å ta imot alle typar pasientar og det er eit godt samarbeid med AMK, slik at pasientane blir dirigert dit der det er kapasitet. Vi står ganske sterkt slik det no er organisert.

– Det gjekk bra denne gangen også?

– Ja, og det syner jo berre kor viktig det er at ein har desse funksjonane lokalt, slik at når først ulukka er ute, så kan ein få hjelp raskt. Ein stiller opp og folk kan jobbane sine når noko skjer. Det er betryggande å vite, seier Lysne.