Politiet fekk i 11-tida melding om ulukka som skjedde i samband med bygging av Jølstra Kraftverk på Moskog.
– Dei hadde drive med boring og dreiv oppreinsking, då det losna ei stor steinblokk frå tunneltaket og traff den eine som jobba der. Forholdsvis stor steinblokk på om lag 100 kilo, fortel innsatsleiar i politiet, Gunnar Englund.
Politiet har gjort fleire avhøyr på staden og har ei klar formeining om korleis ulukka skjedde.
– Vi har varsla Arbeidstilsynet som vil gjere sine undersøkingar. Firmaet som har arbeidet her, har stansa arbeidet. Dei skal no ha ei samling og gjere sine eigne undersøkingar, seier Englund.
Ulukka skjedde om lag 600 meter inn i tunnelen og mannen var bevisst då han blei frakta til sjukehus. Naudeetatane var raskt framme.
Prosjektleiar i Sunnfjord Energi, Kjell Johnny Kvamme, fortel at dei no jobbar med å kartleggje årsaka til ulukka.
ULUKKE: Arbeidsulukka skjedde i ein tunnel som er under bygging i samband med Jølstra Kraftverk.