Hopp til innhold

Fekk språkpris av sjefen sin

Kanalvert Ragnhild Sælthun Fjørtoft frå Lærdal fekk Kringastingssjefens språkpris for 2010.

Ragnhild Sælthun Fjørtoft

Ragnhild Sælthun Fjørtoft frå Lærdal fekk NRK sin språkpris for 2010.

Foto: Thomas Hellum / NRK

Prisen, eit grafisk trykk av Nico Widerberg, vart overrekt under Språkdagen i NRK, der alle NRK sine språkkontakter var samla.

- Ros er inspirasjon og motivasjon, slo Sælthun Fjørtoft fast under utdelinga.

Heidra for nynorsken

Lærdølen starta i NRK i 1969 og har sidan vore programmedarbeidar. Blant roller som produsent, programleiar, kommentatorlesar og omsetjar, er det nok som kanalvert Sælthun Fjørtoft er mest kjend.

I grunngjevinga vert det spesielt trekt fram at ho er svært oppteken av språkrøkten og språkbruken i NRK. Sælthun Fjørtoft har også utanfor NRK stått fram som ein ivrig ivaretakar av nynorsk.

- Det er ei utruleg glede å få ei slik påskjønning for noko eg har jobba med og vore oppteken av i så mange år, ja heilt liv faktisk. Det er godt å bli sett og høyrt, og verdsett for det ein gjer, sa ho.