Hopp til innhold

Fekk spelenekt etter intervju med lokalavisa – no trekkjer leiaren for damelaget seg

Leiaren for damlelaget til Kaupanger, Stian Frøiland, valde torsdag å trekkje seg i samråd med styret. No beklagar styret utsegnene hans.

Jannike Orrestad Andersen

GAV SEG: Klubbkaptein Jannike Orrestad Andersen valde å gje seg i klubben som følgje av behandlinga ho fekk i etterkant i av eit intervju med Sogn Avis.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Kommunikasjonen har ikkje vore heldig, seier nestleiar Heidi Kathrin Osland i Kaupanger.

Tidlegare har NRK skrive om Jannike Orrestad Andersen (21) som kom på kant med sin eigen klubb, Kaupanger Fotball, etter eit intervju i lokalavisa Sogn Avis. Intervjuet resulterte i at ho fekk munnkorg og spelenekt, og kapteinen valde å gje seg i klubben som følgjer av reaksjonane.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

No legg styret seg flate.

Må reparere

Det var torsdag kveld sende styret ut ei pressemelding der dei informerte om at leiaren av damelaget hadde trekt seg. Osland fortel at styret tok avgjerda i samsvar med Stian Frøiland.

– Me har hatt ei gjennomgang av saka og fann ut at det beste for å skape ro var at han trakk seg.

Ifølgje Osland har hendingane gått hardt inn på fleire spelarar i klubben. Difor meinte ho dette var heilt nødvendig for å reparere forholdet.

– Det har vore mykje snakk om kommunikasjon og handtering rundt det som skjedde. Så det beste for å skape tillit igjen no var at han måtte trekkje seg.

NRK har ikkje lukkast ikkje med å få tak i Frøiland. Men til Sogn Avis seier han at klubben ikkje er moden nok til å profejonalisera seg i det tempoet han har ambisjon om.

Ifølgje Osland har det vore ei tøff tid også for styret, som har stått i ein spagat.

– Det har vore krevjande og gått veldig inn på oss. Men fokuset har først og fremst vore å vareta spelarane, og ikkje minst syne respekt for Jannike.

LES OGSÅ: Sportskommentator Endre Romøren seier Jannike-saka har vore «skadeleg» og at den set klubben «i eit dårleg lys.»

Comeback?

Når Frøiland no gjer seg i klubben, er det knytt spaning til om Jannike vil vurdere å halde fram i klubben like vel.

– Det får vere opp til ho å svare på, seier Osland.

Jannike Orrestad Andersen seier sjølv at ho ikkje har bestemt seg for om ho vil revurdere avgjerda om å gje seg, heilt enda.

På grunn av påkjenninga dei siste vekene ønskjer eg først å få saka litt på avstand, seier ho.