Noah (6) fekk pizza med larver – insekta kan erstatta kjøttpålegg i barnehagane

2 milliardar menneske har insekt i dietten sin, ifølge FN. – Noreg må begynne å tenkje på larver som mat, meiner lærar og insektentusiast.

Et larvepizza

GODT: 6 år gamle Noah Jåvold-Eia meiner larvepizza smakar som vanleg pizza.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Det smakar akkurat som vanleg pizza, seier 6 år gamle Noah Jåvold-Eia.

Han sit ved lunsjbordet i Sandalsbotn barnehage og tek ein stor bit av den rykande ferske pizzaen.

Med ost og tomatsaus er den akkurat som den skal.

Men på toppen ligg det små, brune larver spreidd utover.

Larvepizza
Et larvepizza
Et larvepizza
Et larvepizza

– Mjølbillelarver inneheld 50% protein og er eit fantastisk substitutt for skinke eller salami, seier Bjørg-Siri Albertsen.

Ho er lærar og sjølverklært billesjef, og reiser rundt i Noreg for å spreie bodskapet om berekraftig matproduksjon.

Problemløysar

– Larver er ekspertar til å omdanne næring frå matavfall til ei innhaldsrike matkjelde, forklarar Albertsen.

Bjørg-Siri Albertsen

BILLESJEF: Bjørg-Siri Albertsen brenn for berekraftig mat.

Foto: Privat

Ho syner barnehagegutane Noah, Sondre, Niklas og Henrik små, kravlande insekt i ein isboks med matavfall.

I fjor haust sa ho opp jobben som barneskulelærar og starta Larveskolen.

Ser på lærar som held bille

INTERESSANT: Albertsen fortel om insekt som kan etast.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Sidan då har ho reist rundt til ulike barnehagar og skular i Noreg, og formidla kunnskap om insekt som mat.

– Me må tenkje på matavfall som ein ressurs, det er difor eg gjer dette, fortel Albertsen og gir insekta i isboksen fersk gulrotskrell frå barnehagen sitt eige matavfall.

– Dette er framtida

Insekt er og har vore ein del av dietten til menneske verda over, men i Europa har bruken vore sjeldnare.

– Mange, spesielt vaksne, tenkjer på insekt som noko farleg, noko som kan stikke deg. Få tenkjer på det som mat, fortel Albertsen.

Larve i handa

KLAR TIL Å ETE: 5 år gamle Henrik Kjærland Hovland skal til å ete ein larve.

Foto: Synne Sørenes / NRK

No er det kanskje på veg til å endre seg. I mai i år godkjente EU melbillelarva som eteleg menneskemat.

Posar med larvesnacks og restaurantar med melbillelarver på menyen vert vanlegare og vanlegare.

– Fleire i den vestlege verda må nytte insektprotein, fortel Albertsen, og legg til at FN har åtvara mot auke i befolkning og mangel på mat inn mot 2050.

– Insekt kan vera ein del av løysinga, seier ho.

Lov å ete insekt

For Noah og dei andre barnehagegutane i Sandalsbotn barnehage er insekt verken ekkelt eller skummelt.

Dei har leika med insekt før. Kanskje har dei smakt litt også.

No får dei forsyne seg av ei skål med sprøsteikte larver – heilt utan kjeft frå dei vaksne.

Larver i skål

SPRØSTEIKTE: Larvane blir steikt før den kan etast.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Det knasar veldig mykje, seier Sondre medan han tygg på eit par-tre melbillelarver.

– Det smakar nesten ingenting. Det smakar godt, ropar gutane og ler.

Barnehagebarn får smake på larver

Barnehagen sin eigen kokk, Jon Markus Wagtskjold Litleskare, seier det er kjekt å bruke råvarer som borna ofte er på jakt etter ute i naturen.

Han har aldri laga pizza med sprøsteikte larver før, men var ganske sikker på at det ville bli ein suksess.

Lager larvepizza

FØRSTE GONG: Barnehagen sin eigen kokk ser ikkje vekk ifrå at det blir fleire insektlunsjar i framtida.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Det er faktisk ikkje vanskeleg å få born til ete nye ting. Så lenge éin i gjengen liker det, liker som regel resten av gjengen det også, fortel han.