Hopp til innhold

Fekk skryt frå presidenten

President Ståle Johansen i Volleyballforbundet rosa innsatsen til Sunnfjord Folkehøgskule under laurdagens cupfinale.

Sunnfjord folkehøgskule.

BEST: Sunnfjord folkehøgskule medverka sterkt til at cupfinalen fekk ei flott råme.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde tapte begge cupfinalane på bana, men med god hjelp frå Sunnfjord Folkehøgskule tok dei knock-out på både Nyborg og Oslo Volley på tribuna.

Kring 400 sunnfjordingar hadde teke turen til cupfinalen. Under banketten takka volleyballpresident Ståle Johansen spesielt folkehøgskulen for den flotte råma cupfinalane fekk.

Skulen har jobba iherdig gjennom heile veka med å lage kostymar.

Olve Grotle, ordførar i Førde.

NØGD: - Er det nokon som har sett ordføraren i Oslo her? Er ordføraren i Bergen her? Ordføraren i Førde er her, sa Olve Grotle under banketten.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vann til slutt

Ordførar Olve Grotle i Førde tok også ordet under banketten. Ingen av dei andre finalelaga hadde sine ordførar til stades. Han gratulerte cupmeistrane med sigeren, men meinte det ikkje var dårleg å ta to sølv heller.

Grotle omtala Førde som volleyballhovudstad og tok opp att tråden til volleyballpresidenten.

– På bana tapte vi. Den er grei. Men på tribuna vann vi, og eg ser ikkje vekk i frå at vi tek banketten også. Og då vinn vi 2-1, sa han til latter og applaus frå sunnfjordingane.