– Tankane gjekk gjennom hovudet mitt, og eg var innstilt på det verste.
Det seier passasjer Einar Solheim etter flyturen frå Oslo til Førde søndag.
Då fekk nemleg Widerøe-flyet trykkfall, noko som gjorde til at det raskt måtte ned i høgde.
Frykta brann eller kollisjon
For Einar Solheim og dei 21 passasjerane var det om lag midt under turen at dei opplevde at noko var annleis:
– Det blei ganske kaldt i kabinen og eg fekk litt dottar i øyra. Så kom beskjeden frå piloten om at det var ein «emergency descent», seier Solheim.
Dei var då på 25.000 fot, fortel han.
– Eg lurte først på om vi var på kollisjonskurs med eit anna fly, eller at det var brann om bord, seier sunnfjordingen.
UVENTA: Einar Solheim frykta det verste då piloten på Widerøe-flyet varsla om ei naud-hending.
Foto: PrivatWiderøe: – Ikkje stor fare
– Det er klart at det kan følast litt skremmande for folk når slike uvande ting skjer, seier Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe om søndagens hending.
Ho veit ikkje årsaka til hendinga.
– Var det fare for at det kunne gått riktig gale?
– Eg veit ikkje, så det blir berre spekulasjonar, men no flyr ikkje flya våre så høgt, så faren var nok ikkje så stor, seier kommunikasjonssjefen.
Passasjerane fekk beskjed om å feste belta og fekk vite at flyet måtte ta ei rask nedstiging.
– Flyet bremsa godt opp og stupte for å kome ned i høgde. Vi fekk raskt beskjed om at alt var under kontroll, men at på grunn av trykkfallet måtte vi raskt ned til ei høgde utan kabintrykk.
Solheim seier dei tilsette om bord var rolege og flinke til å informere dei. Det gjorde til at dei haldt seg rolege sjølv.
– Eg må rose personalet. Måten dei handterte ein potensielt kjempefarleg situasjon på, var fantastisk, seier Solheim. Han seier han ikkje kjem til å kvi seg til å fly att.
Landa heller i Florø
Widerøe fauk til Florø i staden for til Førde. Årsaka er at det i Florø er ein teknisk base der flyteknikarar kan sjå på flyet.
Etter landing gjekk flymannskapet gjennom hendinga med passasjerane.
– Passasjerane fekk også moglegheit til å stille spørsmål. Vi kjem også til å følge dei opp i morgon.