Hopp til innhold

Fekk sau og lam då han var 15 - no er han bonde

Det starta med ein sau og eit lam i konfirmasjonsgåve. No er flokken blitt mykje større i fjøsen hos Stig Ove Ølmheim.

Stig Ove Ølmheim

SAUEBONDE: Stig Ove Ølmheim starta karrieren sin som sauebonde då han var 15 år.

Foto: Birger Meland / NRK

Den noko spesielle konfirmasjonsgåven blei starten på eit liv som sauebonde.

– Dei fleste trudde nok sauen skulle bli pinnekjøt første jula, men det blei den ikkje. Eg fann ut at eg ville ha litt fleire, så no er eg oppe i 40 lammesauer, seier Ølmheim.

No har sauebonden på Slinde i Sogndal blitt 22 år og i fjøsen står mange drektige sauer. I desse dagar ventar han 80 lam.

Dermed er det travle dagar for den unge Frp-politikaren. Lamminga er i full gang, og nettene i april og mai går med til å vake i sauefjøsen.

– Dei fleste av døgnets timar tilbringer eg i fjøsen. Ei natt var det sju fødslar, så var det rett i formannskapet og deretter heim til fem nye fødslar. Det blir lange dagar og lite søvn.

Kopplam oppkalla etter førstedamer

Fire lam blei fødde i natt og feire av sauene har termin i dag. Dyrlegen har vore i fjøsen med ultralydapparat, slik at bonden veit kor mange lam som kjem.

– Eg reknar med at det kjem nokon i løpet av dagen, seier han,

I vår har han fått tre kopplam i fjøsen og dei har fått namn frå tre førstedamer i Sogn og Fjordane.

– Eg har kalla dei opp etter fylkesordførar Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar Jenny Følling og statsråd Liv Signe Navarsete.

Sauer

40 SAUER i FJØSEN: Snart blir det til saman 80 lam her.

Foto: Birger Meland / NRK

– Frp treng bønder

I tillegg til å vere sauebonde, er Ølmheim også student. I desse dagar brukar han ledige stundar til å skrive på bacheloroppgåva. Mykje tid går også med til politikk, for han er leiar av FpU og sit i formannskapet i Sogndal kommune.

Har er samd i at dagens Frp-politikk fører til færre bønder og at ein ny kurs hadde gjort seg.

– Partiet treng nokon som veit kva dei snakkar om og som har erfaring. Framstegspartiet er faktisk det nest største bondepartiet i landet.

– Kva trur du om framtida som sauebonde?

– Eg har god tru, for sjølve bransjen er på framadstormande. Det er det litt synd at enkelte organisasjonar legg ein dempar på det og seier situasjonen er svart.

Men ein alder på 22 år er han ein av dei yngste i bransjen. Ølmheim seier dei fleste er frå 35–75 år.

– Det er dessverre ei opphoping frå 55 år og oppover, seier han.

– Meir kontorrotte enn bonde

Han meiner at noko av det største problemet med å vere bonde er byråkratiet.

– Det er snart så mykje byråkrati at vi er meir kontorrotter enn bønder. No brukte eg lenger tid på å lage ein gjødselplan enn å gjødsle jorda. Det viser kor tunggrodd systemet har blitt.

– Har du nokon gong angra på at du blei bonde?

– Nei, det har eg aldri angra på. Dette er ei viktig næring å drive med. Skal vi produsere mat, lyt vi gjere det på Vestlandet. Sau passar perfekt inn i naturen her, med kjempeflotte fjellbeite.

Stig Ove Ølmheim

TRAVLE DAGAR: Stig Ove Ølmheim brukar det meste av døgnet på dyra sine.

Foto: Birger Meland