Hopp til innhold

18-åring fekk sår av plante – kan få varige merker

Ein 18 år gammal mann frå Stord fekk saft frå ei plante på magen då han klipte plen.

Fekk store merker av plantesaft

Ei lita stund etter at 18-åringen hadde fått plantesaft på magen byrja det å klø. Det utvikla seg så til store sårliknande merker på magen.

Foto: Privat

Det var for eit par veker sidan at 18-åringen klipte plenen utanfor Rema 1000 på Heiane på Stord.

Han opplevde då at det spruta saft frå ei plante, og denne safta trefte magen hans. Nokre dagar seinare byrja det å klø, det blei raudt og utvikla seg etter kvart nesten til store sår.

Den 18 år gamle mannen ønskjer å vera anonym, men fortel historia si til lokalavisa Sunnhordland for å åtvara andre.

Trudde først det var eit insektbit

Kjempebjørnekjeks

Kjempebjørnekjeks.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Eg trudde først at det var skadar frå eit insektbit. Men det viste seg snart at det kom frå ei plante. Eg måtte til legen, og fekk salve og antibiotika. Då gjekk det betre. Men eg kan få varige merkjer, seier han til avisa.

18-åringen er ikkje heilt sikker på kva plante safta kom frå, men trur det kan vera snakk om kystbjørnekjeks eller kjempebjørnekjeks.

Store norske leksikon opplyser at Kjempebjørnekjeksen inneheld plantesaft som verkar etsande på naken hud, og at planta kan gi langvarig og ondarta utslett, spesielt i sterkt sollys.

Skadeomfangen vil variera

Biolog Per Fadnes kjenner til fleire planter som kan vera giftige og føra til reaksjon eller skadar. Han veit ikkje kor store skadar det kan gi, men trur det vil variera frå person til person.

Merker på magen av plantesaft

Merkene var ikkje så store til å byrja med, og no er dei på

Foto: Privat

– Eg har høyrt at folk har blitt skadd av safta på kjempebjørnekjeks på Stord, men eg har aldri sett den sjølv, seier Fadnes til Sunnhordland.

Den 18 år gamle mannen er no på betringas veg. Merkene held på å bli mindre, men han fryktar likevel at det ikkje vil forsvinna heilt.