Hopp til innhold

Fekk ras mot tunet – familien veit ikkje når dei kan flytte heim

Småbarnsfamilien måtte evakuere etter ras og anar ikkje når dei kan flytte heim til garden i Aurland. Tysdag gjekk det fem nye steinras på nokre få timar.

Inge Skahjem Tofastrud og gardane på Skaim.

EIT LITE SJOKK: – Det vil nok alltid gå ras på Vestlandet, men det er eit lite sjokk når ein tek innover seg kreftene som er i sving, seier Inge Skahjem Tofastrud

Foto: NRK / privat

Inge Skahjem Tofastrud, kona og dei to døtrene kom frå det med skrekken då store steinar dundra ned mot garden deira 25. mars.

– Det var overraskande kor tett dette skulle komme og at det faktisk trefte både bustadhuset vårt og låven som no har hol i taket, seier Tofastrud.

No er dei på ufrivillig påskeferie i nabobygda Flåm og er høgst usikre på om og når dei kan flytte tilbake til Skaim. 6. april blir det gjort ei ny vurdering.

I alt er seks bebuarar ved to nabogardsbruk evakuerte.

– Det er kjedeleg å ikkje kunne feire påske i eige hus, spesielt no når ein ikkje kan reise vekk. Toåringen vår merkar ikkje så mykje av det, men dottera vår på 5 år seier at ho saknar huset sitt, seier småbarnsfaren.

Svigerfaren til Tofastrud har budd på garden heile livet, men har aldri opplevd ras av denne storleiken.

Familie fekk steinras mot gardstunet i Aurland

FEKK RAS MOT TUNET: Bestefar Nils Tore Skahjem, dottera Ragnhild Skahjem Tofastrud og sambuaren Inge Skahjem Tofastrud og borna Tiril og Hedda på tunet på garden i Aurland.

Foto: Arne Veum

Feirar påske i lånt hus

Familien bur no i eit lånt hus og synest dei er heldige som har ein stad å vere der dei kan leve ganske som normalt. Dei har kome over det største sjokket, men kjenner framleis på utryggleik.

– Vi veit jo ikkje kva som skjer og når neste ras kjem. Det er naivt å tru at det ikkje kjem til å rase igjen, seier Tofastrud.

Magne Forberg bur i nabohuset og kan sjå rasområdet derfrå. Dei siste dagane har han registrert fleire ras. Det rasa både laurdag og måndag. Tysdag føremiddag talde han heile fem ras av ulik storleik.

– Sju ras på så kort tid er høgst uvanleg, seier han.

Forberg meiner det ikkje er trygt å bu i området med den aktiviteten der no er.

Ras på Skahjem i Aurland.

RAS: Her ser ein korleis det rasa på Skaim i Aurland 25. mars.

Foto: Aurland kommune

Møte etter påske

Ein geolog skal gjere fleire vurderingar i løpet av påska. Store temperaturforskjellar mellom dag og natt i tillegg til rasaktivitet gjer at det ikkje blir gjort ny vurdering av om dei evakuerte kan flytte heim før over påske.

Over påske vil Aurland kommune ha møte med NGI og NVE for å drøfte korleis ein kan sikre bebuarane ved Skaim mot steinras.

– Formålet er å sjå om det går an å gjennomføre tiltak som medfører ein tryggare kvardag for busetnaden der oppe, seier ordførar Trygve Skjerdal.

Brannsjef Reinhardt Sørensen meiner dei må sjå på kva dei kan gjere for å sikre husa meir permanent.

– Noko må bli gjort der oppe, seier Sørensen.