Fekk problem i Flenjatunnelen
Flenjatunnelen på E16 i Aurland er mellombels stengd. Ein bil har fått trøbbel, og treng hjelp frå bilbergar. Statens Vegvesen opplyser at tunnelen ikkje blir opna før bilbergar har kome til assistanse. Bilbergar er rekvirert og venta til staden kring kl. 1540.