Hopp til innhold

Fekk null på statsbudsjettet – finansiering redda av anonym gåve

Ei «opprørt» kvinne bladde opp då verdsarvsenteret ved Urnes stavkyrkje ikkje kom med i framlegget til statsbudsjett. Dagen etter ringde ho tilbake, med ei enda større gåve.

Urnes verdensarvsenter

FRUSTRERT: I forslag til statsbudsjett som vart lagt fram i førre veke var verdsarvsenteret ved Urnes stavkyrkje heilt vekke.

Foto: Urnes verdensarvsenter

I 2019 godkjente Miljødirektoratet planane for å bygge eit verdsarvsenter ved Urnes stavkyrkje inst i Sognefjorden. I alt har Noreg åtte område på verdsarvlista (sjå faktaboks).

I fjor fekk Fortidsminneforeningen, som eig Urnes stavkyrkje, 1,85 millionar i utviklingsmiddel.

Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen, vart difor overraska då framlegget til statsbudsjett for 2022 vart lagt fram førre veke.

Der var verdsarvsenteret heilt vekke.

– Vi håpa at vi skulle vere med. Vi har tidlegare fått svært positive politiske signal, seier han.

Kristin Bakken er administrerande direktør ved Norsk institutt for kulturminneforsking (Niku).

– Eg er glad for at kulturminnebudsjetta blir auka. Difor er det skuffande at regjeringa ikkje fekk prioritert Urnes verdsarvsenter i denne runden.

Urnes stavkirke

LOKALE MOTORAR: I Kulturminnemeldinga skriv Klima- og miljødepartementet at det er «behov for lokale ‘motorar’ i arbeidet med å ta vare på verdsarven».

Foto: Ragnar Utne / fortidsminneforeningen.no

Anonym gjevar dukka opp

Og her kunne arbeidet med verdsarvsenteret ved Urnes stavkyrkje vorte sett på pause, men i staden dukka ein anonym gjevar opp.

Ifølge Fortidsminneforeningen var ho så «frustrert og opprørt» over den manglande finansieringa (senteret var heller ikkje med på statsbudjsettet for 2021) at ho la 100.000 kroner på bordet alt i sommar.

Dagen etter statsbudsjettet blei lagt fram ringde ho på ny, framleis opprørt, og la ytterlegare ein million på bordet.

– I Noreg er det svak tradisjon for at private sponsorar vel seg kulturminne. Då er det heller medisinsk forsking eller sport som vert prioritert. Heilt supert då at nokon har vald å støtte verdsarvsenteret i Urnes med private midlar, seier Kristin Bakken.

Morten Stige har bakgrunn frå Riksantikvaren og Byantikvaren i Oslo, og driv i dag Fabrica kulturminnetenester.

– Det er godt at ikkje alle tek dei gamle kyrkjene for gitt, og går framfor med ei gåve. Ofte er det det som skal til for å utløyse nødvendige offentlege løyvingar, seier han.

Med fyrste del av finansieringa på plass kunne arkitektkonkurransen for Urnes verdsarvsenter opne denne veka.

Den totale prisen på prosjektet er «rett i underkant av 60 millionar», seier Fortidsminneforeningen, som har søkt Kulturdepartementet om 30 millionar og Klima- og miljødepartementet (KLD) om 9 millionar.

Skal teste «distriktsrefleksen» til Senterpartiet

I Kulturminnemeldinga «Framtid med fotfeste» skriv Klima- og miljødepartementet at det er «behov for lokale ‘motorar’ i arbeidet med å ta vare på verdsarven».

Distriktsperspektivet gjer at Fortidsminneforeningen er spente på kva Senterpartiet seier i sitt justerte forslag til statsbudsjett, som den nye regjeringa snart skal leggje fram.

Det same er stortingsrepresentant for Frp, Helge André Njåstad, som ikkje kan røpe om hans eige parti finn plass til verdsarvsenteret i sitt alternative budsjett.

– Regjeringa legg fram sin tilleggsproposisjon snart og der kan jo Sp vise om dei framleis har distriktsrefleksen intakt, seier han.

Åslaug Sem-Jacobsen er kulturpolitisk talsperson i Senterpartiet:

– Vi har føreslått å løyve pengar til dette verdensarvesenteret i våre alternative budsjett dei siste åra. Men sidan vi først nyleg har komme i regjering og byrja å sjå på budsjettet, så er det for tidleg å seie kva som blir ny politikk.

NRK har vore i kontakt med Klima- og miljødepartementet (KLD), men har framleis ikkje fått svar.

Urnes verdensarvsenter

KAN SJÅ SLIK UT: Eit tenkt rom i verdsarvsenteret, som skal liggje i nærleiken av Urnes stavkyrkje.

Foto: Urnes verdensarvsenter