– Eg tenker at dette er byrjinga på å få anerkjend e-sport som ein idrett på lik linje med fotball

E-sport skal bli like viktig som all annan kultur og idrett. Det meiner i alle fall politikarane i Vestland fylke.

Bilde av konkurranse arena for e-sport

STOR IDRETT: Før OL i Tokyo neste år, skal det vere ei stor e-sport-turnering. No har politikarane i Vestland bestemt at dei også skal satse på dette.

Foto: ESL

Mot to røyster, vedtok fylkestinget i Vestland at det skal lagast ein strategi for e-sport, eller dataspeling som mange framleis kallar det.

For Frank Willy Djuvik frå Frp, som stilte forslaget, er dette ein stor siger. Han spelar sjølv spelt aktivt og meiner vedtaket er eit kvantesprang for e-sporten.

Vil ha organisert e-sport

– Eg tenker at dette er byrjinga på å få anerkjend e-sport som ein idrett på lik linje med fotball, handball og andre ting som folk driv med, seier Djuvik til NRK.

Dei siste åra har det vore eit stadig større fokus på kor viktig spelinga er for mange unge, no vonar Frp-politikaren at folk vil forstå at e-sport er like bra som anna aktivitet.

– Vi må nå ungdomane der dei er. I staden for å sitje heime på guterommet for å spele når dei kan møtast i eit miljø der vaksenpersonar kan gje god rettleiing og grensesetting, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

SPELAR: Frp-politikar Frank Willy Djuvik er sjølv aktiv innan e-sport og spelar Clash of clans.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Vil ha profflag i Vestland

Internasjonalt er e-sport no ein stor idrett som samlar tusenvis, både framfor skjermane, men også på stadion og arenaer.

No vil politikarane i Vestland at Hordaland og Sogn og Fjordane skal lage møtepunkt og treningsområde for både breidde og satsing på e-sport.

– Vi skal lage ein strategi for korleis vi kan utvikle dette miljøet og det kan vere med på å utvikle profesjonelle e-sportslag frå Vestland fylke, slår Frank Willy Djuvik fast.