Hopp til innhold

Fekk kjempefangst på 147 kilo

Ivar Berge fekk i morgontimane tysdag ein fangst litt utanom det vanlege i garnet i Fjærlandsfjorden.

Så enorm var kveita til Ivar Berge

DIGER: Ivar Berge med fangsten han fekk i garnet tysdag morgon.

Foto: Tone Berge

Så stor var kveita i Fjærlandsfjorden

TO METER: Kveita var på heile to meter...

Foto: Tone Berge

– Han var i ekstase då han ringde og ba om hjelp, humrar svigerdottera Tone Berge.

Var i live då dei drog ho i land

Ivar Berge greidde ikkje å få den digre kveita ombord i båten, men tok seg inn til land - der han ringde og ba om assistanse.

Svigerdottera tok med seg kameraet og sikra seg bevisa: Kveita var på 147 kilo og var heile to meter lang.

– Ho var i live då ho vart drege i land, men om det er den største som er teken opp i live frå Fjærlandsfjorden veit vi ikkje, skriv Berge i ein e-post til firda.no.

Ute etter fiskelykke også dagen etter

Ivar Berge var i morgontimane onsdag igjen på fjorden for å fiske. Håpet var kanskje å få på land fleire gigantkveiter.

Kveite blir også kalla hellefisk, og er ein djupvassfisk som lever på 300–2000 meters djupne. Dei er gode matfiskar.

Fekk diger kveite på morgonkvisten

EIN MIDDAG - ELLER TO... Med 147 kilo skal familien Berge klare seg middagar ei stund framover.

Foto: Tone Berge