Hopp til innhold

Fekk ingen lekkasjar om flyplasstruktur

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes fekk ingen lekkasjar då ho tysdag var i møte med Avinor om flyplasstrukturen.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

DISKUTERTE FLYPLASSAR: Fylkesordførar Åshild Kjelnes (Ap) møtte tysdag Avinor for å diskutere flyplassar.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Den store rapporten frå Avinor frå Avinor om den framtidige flyplasstrukturen er venta å kome den 20. mai. I dag har fylkesordførar Åshild Kjelsnes vore i møte med det statlege selskapet som er eigar av dei fleste norske flyplassar.

– Dette er eit årleg møte vi har med Avinor, og eit godt høve til å ta opp saker vi er opptekne av direkte med leiinga i Avinor, seier Kjelsnes.

Framleis i det blå

Regjeringa har bedt om rapport og vil ta stilling til planane, truleg må ein vente til Nasjonal transportplan om to år før ein veit kva som skjer til slutt. For Kjelsnes tysdag ingen signal om kva rådet frå Avinor blir.

– Sjølvsagt var det knytt mykje spaning til rapporten som skal som kjem i mai, men der kom det ingen lekkasjar i dag.

Så framleis er det i det blå kva råd Avinor kjem om få veker, og kor nøye konsekvensane er kartlagt.

Fryktar det verste

Det som er ganske sikkert er at det kan gå mot ein lang og seig flyplassdebatt i fylket. I vinter vart Sandane og Førde lufthamn Bringeland sagt av Avinor å vere dei mest utsette.

– Trass i alle lokale forslag så fryktar eg at dei vil kome med eit forslag om nedlegging, seier Anders Ryssdal som er ordførar i Flyplasskommunen Gloppen.

Også i Høgre-ordførar Mathias Råheim i Gaular, der Førde Luftham Bringeland vedgår det er spanande tider dei no går i møte

– Dersom Avinor mot tru skulle råde til at Bringeland blir lagt ned, så må vi slipe knivane endå meir, seier Råheim .

Grundigare vurdering

Sjølv om Avinor framleis held korta tett til brystet, fekk Kjelnes nytta høve til å ta opp spørsmål som ho var oppteken av.

– Vi fekk sette grundigare på noko av det som vi i vinter hadde som ankepunkt, som gjekk på alternative flyplassar og reisetider. Og kor viktig flyplassane er for næringslivet i fylket, blant anna.