Fekk ikkje svar på kreftmistanke

Kvinna i 50-åra har venta forgjeves på prøvesvar etter at legar oppdaga to kular i skjoldbruskkjertelen.

Helsetilsynet rettar skarp kritikk mot Helse Førde for rot og sommel i behandlinga av ein kvinneleg pasient.

Legane fann to kular i skjoldbruskkjertelen til kvinna i 50-åra, noko som kan vere eit teikn på kreft. I staden for å få skikkeleg svar på undersøkingane, blei pasienten ein kasteball mellom sjukehusavdelingane.

Oppdaga to kular

I oktober i fjor oppsøkte ho dokter på grunn av pusteproblem. Legane ved Lærdal sjukehus oppdaga to kular i skjoldbruskkjertelen, ein hormonkjertel som ligg på halsen. Sjølv om det er lite truleg at kvinna har kreft, kan det vere vanskeleg å utelukke ein slik diagnose før kulane er skikkeleg undersøkte.

Røntgenlegar tok i november og februar celleprøvar av vevet frå kulane. Begge gongene har kvinna måtta purra mange gonger utan å få svar på desse prøvane, som i tillegg viste seg å vere mislukka. Kvinna veit difor ikkje om kulane i skjoldbrukskjertelen er godarta eller vondarta.

Uvissa har gått sterkt inn på henne, fortel pasientombod Ove Mjåtveit.

- Frustrasjon er eit dekkande ord. Ein vert redd, bekymra og sint når ein ikkje får bekrefta eller avkrefta kva det er. No har ho bytta sjukehus og er i ein annan helseregion for å få oppfølgjing der, seier Mjåtveit.

Har blitt kasteball

Helsetilsynet ser alvorleg på at kvinna har blitt ein kasteball mellom ulike sjukehusavdelingar. Den samla behandlinga av pasienten har vore uforsvarleg og er dermed i strid med norsk lov, seier fylkeslege Petter Øgar.

- Utreiing og behandling av pasienten har vore usystematisk og har teke for lang tid. Oppgåve- og ansvarsfordeling har ikkje vore klar nok. Systemet har vore så dårleg og tilfeldig at vi har karakterisert det som ei uforsvarleg ordning, seier han.

Fylkeslegen forventar at Helse Førde brukar saka til å betre pasientbehandlinga og det interne kontrollsystemet på sjukehusa i Sogn og Fjordane.

Tek saka vidare

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, lovar at det skal skje.

- Dette har utvikla seg ganske uheldig. Vi tek saka opp i komande kvalitetsutval for å gå vidare med ho, seier han.

- Har du noko forklaring på kvifor samhandling og kommunikasjon mellom dei ulike avdelingar har vore så mangelfull?

- Vi skulle ynskt oss at dette ikkje hadde vorte så kronglete. Vi må prøve og få til eit system som glir lettare, seier Breidablikk.