Hopp til innhold

Fekk ikkje klare svar på oljemesse

I dag er over 300 deltakarar med på oljemessa Vekst i vest, utan at politikarane der får svar på det dei lurer mest på.

Hilmar Høl/Oljemesse i Florø

SPENTE PÅ OLJE-FRAMTIDA: Hilmar Høl i næringsutvalet i fylkeskommunen seier det er stor spenning i det politiske miljøeti forhold til oljeaktivitet.

Foto: Stig Laberg Øvstetun/Erlend Blaalid Oldeide, NRK

Det store spørsmålet er nemleg kor mykje aktivitet og kor mange arbeidsplassar som kan kome til fylket som ein del av oljeeventyret.

Ei rekkje oljeselskap har halde foredrag om moglegheitene utanfor kysten av Sogn og Fjordane, men ingen vil vere konkrete på korleis dei vil satse.

Stor spenning

Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet leiar det fylkeskommunale næringsutvalet, og seier det er stor spenning i det politiske miljøet.

– Det er ikkje så konkret i forhold til satsingar i Florø. men greitt å høyre kva dei tenkjer. Vi ønskjer sjølvsagt at aktørane hadde vore meir konkrete, men det er mykje uvisse knytt til konsesjonsvilkåra, seier Høl.

For Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) er oljemessa ein god stad å drive lobbyverksemd. Han er glad for den gode oppslutnaden om oljemessa.

– Det viser at potensialet for framtidig vekst er til stades for Florø og regionen rundt. Heile oljebransjen viser interesse for Fjordbase-miljøet, seier ordføraren.

Håper å få snarleg svar

Bengt Solheim Olsen

HÅPER PÅ SVAR: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen håper på snarleg avklaring om forsyningsbasen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statoil vurderer å forsyne alle plattformene frå Mongstad. For oljebasen i Florø sin del kan det bety at halvparten av dei 500 arbeidsplassane som finst vil forsvinne.

Og dersom Statoil gjer alvor av planane om omorganisering, får det ringverknader for bedrifter utanfor sjølve basemiljøet.

– Vi føler vi per i dag har mindre aktivitet i Nordsjøen enn vi burde hatt. Vi er trygge på at Fjordbase vil halde fram med å vekse, men vi må få ein konklusjon i forhold til forsyningsaktiviteten. Dette er vi i dialog med Statoil om, seier Solheim-Olsen.