Hopp til innhold

Fekk ikkje god nok hjelp

Helse Førde gav eit uforsvarleg tilbod til ein ungdom med psykisk sjukdom. Det er konklusjonen til Fylkesmannen, som meiner tilbodet gjennom to år var for lite omfattande, tok for lang tid å etablere og ikkje var godt nok koordinert. Pasienten fekk heller ikkje tidsnok revurdering av diagnosen då han vart verre.