Røde Kors fekk ikkje bruke vegen – måtte fly 300 meter med helikopter

FØRDE (NRK): Statens vegvesen sa nei til å bruke den vesle sidevegen då Røde Kors ville frakte bygningsmaterial til lagshytta. Då var helikopter einaste alternativ.

Norvall Nøringset er leiar i Førde Røde Kors.

HIT, MEN IKKJE LENGER: Norvall Nøringset, leiar i Førde Røde Kors, er sint og fortvila over at dei ikkje lenger får frakte bevegelseshemma til Røde Kors-hytta på Langeland.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg blir fortvila og sint over at dei er så firkanta, seier Norvall Nøringset.

Leiaren i Førde Røde Kors ser innover vegen mot hytta som laget eig. Vegstubben er i underkant av 300 meter.

I dag blir den same vegen brukt til landbruksføremål.

I sommar skulle taket på hytta til Røde Kors skiftast ut, og planen var å frakte materialar og utstyr med varebil og hengar.

Men det sa Statens vegvesen nei til, og tilrådde at Røde Kors i staden hyra eit helikopter.

Helikopter flyr over Røde Kors-hytta

TRANSPORTERER BYGNINGSMATERIALE: Dette helikopteret måtte frakte materiale for Røde Kors når Statens Vegvesen sa nei til å bruke vegen

Heller ikkje bevegelseshemma får bruke vegen

Statens vegvesen vil ikkje stille til intervju med NRK, og viser til brevet der det går fram at Førde Røde Kors ikkje får bruke vegen.

I avslaget blir det poengtert at vegen fram til hytta er ein del av den historiske Trondhjemske postveg, og at Vegvesenet er redd for at vegen kan bli skada.

«I høve vedlikehaldsarbeid på Røde Kors si hytte meiner vi det bør nyttast andre metodar, til dømes helikopter, for å frakte nødvendig materiell og utstyr til hytta», heiter det.

Og vidare: «Av same grunn er vi negative til å nytte postvegen til persontransport av rørslehemma eller andre som skal leige eller bruke hytta».

Heilt bakvendt, seier Røde-Kors-leiaren.

– Vegen blir ikkje skada, korkje av at bevegelseshemma blir køyrde inn eller at vi får frakta nokre lass med bygningsmaterial.

Helikopter-rekninga kom på 40.000 kroner.

Den Trondhjemske Postvei på Langeland i Førde

FÅR IKKJE BRUKE VEGEN: Om lag 300 meter av vegen inn til Røde Kors si hytte på Langeland i Sunnfjord er ein del av den kulturhistoriske Trondhjemske postveg.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det beste blir det gode sin fiende

Også ordføraren i kommunen, Olve Grotle (H), reagerer på Vegvesenet sitt vedtak.

– Av og til kjenner eg på at det beste blir det gode sin fiende, ikkje minst i offentleg forvaltning. Stivbeinte reglar og gode intensjonar kan føre til eit resultat strengt tatt ingen ønskjer, seier han.

Margrethe C. Stang er styreleiar i Fortidsminneforeningen.

– Slitasjeskadar på kulturminne er noko vi blir meir og meir oppmerksame på, seier ho.

Ho kallar «helikopter-saka» i Sunnfjord eit «klassisk dilemma der gode hensikter står mot kvarandre».

– Eg tenkjer at det beste ville vere om partane kjem fram til eit kompromiss, som gjer at Røde Kors kjem fram til hytta, men at kulturminneverdien i den gamle postvegen ikkje går tapt.

Kan hamne i rettsapparatet

I tida før konflikten hadde Røde Kors brukt vegen i 35 år, seier Norvall Nøringset.

No håper han at Statens vegvesen vil gjere ei ny vurdering av saka, slik at dei som er bevegelseshemma kan skyssast heilt fram.

Elles kan det vere at saka hamnar i rettsapparatet, seier han.

– Vi må kanskje gå til retten for å få bruke vegen.

Røde Kors si utleigehytte på Langeland i Førde.

NYTT TAK: I sommar vart det lagt nytt tak på Råde Kors-hytta på Langeland i Sunnfjord. All material måtte fraktast inn med helikopter fordi dei ikkje fekk bruke vegen.

Foto: Bård Siem / NRK