Hopp til innhold

Fekk høyre om flystyrt på nyhetene

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Det har vore ein heilt forjævlig dag, fortel Emil Otterstad (33), instruktør ved flyskulen Phoenix East Aviation i Daytona.

Like over midnatt norsk tid styrta eit av flya til flyskulen i sjøen kring 150 meter frå land, sør for Smyrna Beach i Daytona.

Begge nordmennene er sakna. Namna er ikkje stadfesta frå offisielt hald, men ein av dei sakna skal vere instruktør, og kollega, av Emil Otterstad frå Bygstad.

- Eg fekk høyre om det på nyhetene. Det var ikkje noko særleg. Med det første visste vi ikkje kva flyskule det tilhøyrde, fortel Otterstad.

- Alle kjenner alle

Emil Otterstad

PREGA: - Det har vore ein forferdeleg tøff dag, seier Emil Otterstad, instruktør ved flyskulen der dei sakna nordmenene er elevar.

Foto: Privat

Otterstad har arbeidd som instruktør ved skulen i eitt år. Før det var han elev i eitt år. Dagen i dag har vore den tøffaste.

Ved skulen er det kring 70 norske elevar.

- Det er sjølvsagt veldig laber stemning på skulen. Alle bur i leiligheiter rundt flyplassen. Ein kjem veldig tett på kvarandre slik at alle kjenner alle, seier han.

Byrja å brenne

Flyet som styrta var eit eittmotors Cessna av typen 172 Skyhawk. Det var på veg frå Sarasota til Daytona då det styrta. Høge bølgjer gjorde det vanskeleg å nå ut til flyet.

Ifølgje augevitne skal flyet ha byrja å brenne før det styrta i havet. Vrakrestar har skylt opp på land, og det blir framleis søkt etter dei sakna nordmennene.

- Vi veit framleis like lite som i dag tidleg om kva som skjedde. I dag har vi samlast alle ved skulen og snakka ut om det. Får vi vite noko nytt, så skal møtast igjen, seier han.

Frykta det verste

- Det er heilt forferdeleg. Eit eller anna må ha skjedd, men eg har vanskar for å tru at det ligg menneskelege feil bak, seier han.

Mor hans, Hildegunn Otterstad, frykta det verste då ho fekk høyre om ulukka i dag tidleg. Ho vart letta då ho høyrde stemma hans på telefonen.

- Han er instruktør der, og som forelder så tenker ein gjerne at det kan vere ditt barn. Heldigvis gjekk det ikkje så lenge frå eg høyrde det var flyskulen hans, til eg fekk snakke med han, seier ho.

Sjømannskyrkja på veg

- I slike situasjonar blir det alltid litt for lang avstand. Det er forferdeleg det som har skjedd, legg ho til.

Sjømannskyrkja i Miami er på veg for å hjelpe dei norske studentane ved skulen. Også utanriksdepartementet følgjer opp situasjonen gjennom det norske konsulatet i Houston.