Hopp til innhold

«Dette er frykteleg irriterande»

Kameratane har jobba hundrevis av timar med russebilen. Natt til i går fann dei den herpa på festplassen i Førde.

Eirik Lavik

RESERVEDEKK: Toro, Mike og Eirik Lavik fekk i ettermiddag lagt på eit gamalt vinterdekk som reservedekk. Dekk, felg og høgtalarar er sporlaust vekke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette er ikkje anna enn frykteleg irriterande, eg kunne nok sagt det sterkare, men det eignar seg ikkje på trykk.

Eirik Lavik ser på russebilen han og fire andre kameratar har brukt fleire titals tusen og svært mange arbeidstimar på.

– Vi har verkeleg lagt sjela vår i denne bilen, seier Lavik.

Då dei kom til russebilen måndag morgon var likevel ikkje alt slik det skulle vere. Eitt av bakdekka var rett og slett skrudd av og stole.

– Der dekket skulle ha vore, låg det ein bjelke. Og så oppdaga vi at to av fronthøgtalarane også var stolne. Det hadde vore greitt å få dette tilbake, seier Lavik og får støtte frå kameratane Toro og Mike.

Russegutane reknar med å ha tapt fleire tusen kroner ved at det no må kjøpe nytt dekk og nye høgtalarar til russebilen.

– Dette er pengar vi slett ikkje har no. Vi har også snakka med politiet om dette, seier Lavik til NRK.

Elektroelevane som eig «Buttmobilen» forsikrar at russefeiringa uansett ikkje er ferdig før 17. mai...