Hopp til innhold

– No skal folk sleppe at det ligg bæsj overalt

BREMANGER (NRK): Trengande turgåarar har brukt naturen som toalett. Men no kom redninga for dei trengande flygande til den avsidesliggande naturperla.

Helikoptertransport av utedo til Vetvika i Bremanger kommune.

LUFTTRANSPORT: Helikopter var lettaste måten å få på plass eit toalett.

Foto: Bård Siem / NRK

Vetvika ytterst i Nordfjord er draumestranda for hundrevis av teltande. Men for å kome til den krittkvite sandstranda må du gå i svært ulendt terreng i fleire timar.

Alternativet er båt rundt Bremangerlandet. Her bur det ingen, og hittil har naturen vore toalett for dei mange vandrarane.

Helikopteret som Bremanger kommune hadde rekvirert leverte det såkalla biotoalettet med perfekt presisjon på det nystøypte fundamentet til kommunen.

Glad for å få do på plass

Ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde, er letta over at dei no kan få orden.

– Dette er så viktig for at det skal vere fint å kome her, folk skal sleppe at det ligg bæsj overalt, seier Førde nøgd.

Friluftstrenden veks, og med åra har stadig fleire funne vegen til den spektakulære bukta mange timar unna sivilisasjonen.

Vetvika er ikkje åleine, i mange kjende turistparadis finn ein fort både toalettpapir og menneskeavføring bak steinar og knausar.

Naturperler som før var nærmast ukjende blir no berømte gjennom sosiale medium. I nabokommunen Stad kan allemannsretten bli innskrenka i surfebygda Hoddevik.

– Utan toalett vert det fort utriveleg for dei som ønsker å nyte idyllen her, seier Anne Kristin Førde.

Helikoptertransport av toalett til Vetvika.

FLYGEDO: Helikopteret plasserte toalettet elegant på plass.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Dopapiret kom flygande

Einar Olav Vetvik har fritidsbustad på ein av dei forlatne gardane i Vetvika, og har definitivt fått med seg problemet.

– Ein fin sommardag sat eg her på tunet, då kom det brått dopapir flygande opp rundt øyra på meg, seier Vetvik.

Han skjønar likevel at situasjonen er krevjande, når nærmaste offentlege toalett er minst fire timar unna til fots.

– Eg har jo god forståing for dette. Det har vore vanskeleg å ordne toalettbesøk her, seier Vetvik.

Vetvika

Idyllen kan fort bli farleg

At Vetvika ligg så avsides har også skapt trøbbel. Bukta ligg rett ut mot det frodande storhavet, andre dagar kjem skodda veltande.

Terrenget er krevjande, folk må vere fysisk i form til ein ulendt fjelltur.

Grunneigar Einar Olav Vetvik

LOKAL: Bygda er fråflytta men Einar Olav Vetvik brukar garden sin på fritida.

Foto: Bård Siem / NRK

Det har vore fleire episodar med folk som slit med å kome seg vekk, for to år tilbake måtte ein surfar hentast med redningsskøyta.

– Eg har hatt mange episodar med særleg utlendingar som kjem med elendig utstyr og utan mat. For nokon år sidan fekk eg tre italienarar som spurte kor butikken var, då måtte eg berre hjelpe dei med mitt eige matlager, seier Vetvik.

Ein annan gong måtte tre turistar frå Polen hentast.

– Dei måtte overnatte i naustet fordi dei var tom for alt, seier Vetvik.

Kvar er dette?

Etter ein fire timar lang fjelltur opnar den kritkvite langstrekte sandstranda seg.