Hopp til innhold

Fekk hard medfart i trafikkulykke

Ein person er skadd etter ei trafikkulykke i Innvik i Stryn.

Trafikkulykke i Stryn

Bilen er totalvrak.

Foto: Arne Vik

Personbilen skal har køyrd inn i ein mur, deretter inn i ein lyktestolpe før den traff ein lastebil som kom køyrande i mot.

Ulykka skjedde litt før klokka 01.00 i natt på riksveg 60 ved Innvik sentrum i Stryn kommune.

Høg fart

Det er 50-sone på staden og bilen skal ha hatt høg fart då ulykka skjedde, opplyser vitner på staden.

Bilen snurra rundt og er totalvrak, og personen som køyrde bilen skal vere skadd.

Sendt med luftambulanse

Pasienten er frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde.

– Vi kan ikkje seie om det er mistanke om promillekøyring eller ikkje. Men det vil bli tatt rutinemessig blodprøve av personen, seier operasjonsleiar Harald Vårdal ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

AMK opplyser at føraren har fått moderate skader og blir behandla på intensivavdelinga.

Trafikkulykke i Stryn

Ulykka skjedde i ei 50-sone.

Foto: Arne Vik