Hopp til innhold

Fekk dyrevernarar på nakken då ho måtte gje vekk hestane

BREMANGER (NRK): Då Andrine (16) la ut hestane sine på Finn for å gi dei ein ny heim, vart ho utsett for ein storm av kommentarar frå sinte og provoserte dyrevernarar på Facebook.

Andrine Varpe og hesten Noreld

LEIT: Det har alltid vore hest for Andrine Varpe. Ho er lei seg for at ho må gje vekk hestane sine, men vart ekstra lei seg då ho fekk ufine kommentarar og blei skulda for å dumpe dyra sine.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Eg føler meg irritert og frustrert over at folk seier så mykje stygt når dei ikkje veit historia bak, seier Andrine Varpe.

Den tørre sommaren har ført til mangel på høy, og det har vore vanskeleg å få tak i fôr til hestane.

Då ho i tillegg måtte flytte på hybel for å gå på vidaregåande skule i haust, prøvde ho og foreldra hennar å setje kaldblodstravaren Noreld og ponnien Sapphire på heilfôr, medan Andrine gjekk på skule.

Men for litt over ei veke sidan, blei situasjonen hakket meir dramatisk.

– Då fekk vi beskjed av bonden vi kjøper høy av, at han ikkje hadde meir til oss. Så frå 20. november har vi ikkje meir fôr til hestane. Då var eg nøydd til å finne ein ny heim til dei, for i verste fall måtte vi ha avliva dei, seier Andrine.

Sårande

Som om det ikkje var ei stor nok sorg å måtte gje vekk hestane som ho er så glad i, fekk ho i tillegg så øyrane flagra på Facebook.

Finn-annonsen hennar vart delt på dyrevernar Samuel Rostøl si offisielle Facebook-side. Han eig også sida Veganpreik, og er ein aktiv samfunnsdebattant – no sist på torsdag, i Debatten på NRK.

– Eg er jo einig i det han seier, at ein ikkje skal dumpe dyr, men eg gjer jo ikkje det. Eg vil jo det beste for hestane. Dei betyr alt for meg, seier Andrine.

Andrine og Mary Jane Varpe

I STALLEN: Andrine og Mary Jane Varpe passar på at ponnien Sapphire har det han treng kvar einaste dag. Når Andrine har vore på skule i Sandane, har mora teke hand om hestane.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Vart uvel

Avgjerda om å finne nye eigarar til Noreld og Sapphire tok Andrine i lag med mora, som eig hestane. Ho vart uvel då ho las kommentarane om dotter si.

– Det var sjikanerande. Det stod at Andrine ikkje stellar hestane sine, at vi er dårlege menneske og at vi dumpar hestane, seier Mary Jane Varpe.

Ho heiv seg i bilen, og køyrde til saman seks timar for hente heim dotter si. For stormen av ufine kommentarar gjekk hardt inn på sekstenåringen.

– Det er tøft for ei 16 år gammal jente som sit aleine på ein hybel å lese slikt. No har vi vore til legen, og Andrine har fått sjukemelding frå skulen, seier Mary Jane.

Sa unnskyld

Mary Jane vart så forbanna at ho tok kontakt med Rosdøl. Då måtte han berre beklage.

– Eg visste ikkje at Andrine var 16 år, og eg hadde ingen planar om å ta ho på nokre måtar. Eg ville berre kome til botn i korleis vi tenkjer på dyr, seier Samuel Rostøl.

No legg han seg flat og seier at han skal tenkje seg betre om neste gong han startar ein debatt på Facebook.

– Eg mista oversikta over kommentarfelta, og ser at eg har ansvaret for å rydde opp i ufine kommentarar. Eg er kjempe lei meg for kva som blei konsekvensane av denne posten, og eg har beklaga til familien, seier han.

Han har difor sletta det opphavlege innlegget, og lagt ut eit nytt der han seier unnskyld.

Samuel Rostøl

HAUSA OPP: Samuel Rostøl er oppteken av å diskutere dyrevelferd, men debatten tok av då han la ut annonsen til Andrine på Facebook-sida si.

Foto: NRK