Uvanleg fenomen på himmelen: – Ser ut som opprørt hav

Tysdag dukka eit heilt spesielt vêrfenomen opp på Vestlandet. Skyformasjonar som liknar uroleg hav har fascinert fleire.

Spesielle skyer

UROLEGE: Altocumulus undulatus asperitas er namnet på vêrfenomenet.

Foto: Erna Kalstad

– Me hadde nokre veldig fine, spanande skyer som dukka opp rett vest for Førde i dag tidleg, seier Eldbjørg Moxnes, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt i Oslo.

Skyene vert kalla «altocumulus undulatus asperitas».

– Det betyr «opprørt hav» og er basert på korleis dei ser ut. Dei ser rett og slett litt ut som opprørt hav, opplyser Moxnes.

Skyer over Førdefjorden

VESTLANDET: Fenomenet opptrer oftare om sommaren, og det urolege vêret i vest kan gjera at ein er meir usett for fenomenet på Vestlandet.

Foto: Bodil Vik Osland

Tilfeldig oppdaga

Dette er skyer som vert danna når ein har uroleg luft frå 2000 til 5000 meters høgde over bakken.

– Grunnen til at dette oppstod i dag, kjem av at me hadde nokre regnbyer utanfor kysten av Vestland fylke, og at det kan vera litt uroleg luft knytt til desse regnbyene.

Vêrfenomenet oppdaga meteorologane tilfeldig då dei såg eit bilete teke av mannskap hjå Norsk Luftambulanse.

– Det ser ut som skyene dekkjer eit større område, så det kan nok vera fleire som også har sett dette i dag tidleg, legg Moxnes til.

SPESIELL UTSIKT: Himmelen såg slik ut i Løvika i Bremanger tysdag morgon.

SPESIELL UTSIKT: Himmelen såg slik ut i Løvika i Askvoll tysdag morgon.

Foto: EVA LIEN LØVIK

Sjeldan syn

Statsmeteorologen opplyser at det er sjeldan dei ser slike skyer.

– Dei er ikkje veldig vanlege, men det er av og til når ein har uroleg luft i høgda at ein får desse skyene. Me har ikkje ein statistikk på kor ofte det opptrer, men me får ofte inn bilete når folk ser dei. Det ser rett og slett litt opprørt ut på himmelen, og folk synest det er fascinerande, seier ho.

Fenomenet opptrer oftare om sommaren, og det urolege vêret i vest kan gjera at ein er meir usett for fenomenet på Vestlandet.

– Men det er ikkje slikt me ser kvar dag. Det er det absolutt ikkje. Det er litt som må klaffa før at du får akkurat dei skyformasjonane, avsluttar ho.