Hopp til innhold

Då Autopass-brikka kom i posten måtte Steinar betale bompengar

Steinar Fitjar selde bilen sin, men gløymde å ta ut autopassbrikka. Då brikka kom i posten tok bompengeselskapet like godt betalt for turen med postbilen.

Steinar Fitjar

OPPGITT: Steinar Fitjar er oppgitt over måten Bro og Tunnelselskapet har opptredd på. – Eg skal vel ikkje betale når eg ikkje har køyrt gjennom bomstasjonen, undrar han.

Foto: Montasje / Privat/NRK

– Eg meiner det er heilt feil. Postbilen har vel betalt for passeringa, då skal ikkje eg betala, seier Steinar Fitjar.

Han er busett på Osterøy og selde bilen sin i midten av mai til ein ny eigar i Bergen. Men då bilen var selt, oppdaga Fitjar at han hadde gløymd å ta ut autopassbrikka si.

– Vi vart einige at han skulle sende brikka i posten, forklarar han og seier han ikkje tenkte meir over det.

Registrerte passeringane

For at den nye eigaren skulle få registrere bilen på sin autopassavtale, sletta Fitjar registreringsnummeret på bilen frå si brikke.

På veg til Osterøy med posten 14. juni har brikka passert to bomstasjonar, i Bergen sentrum og Osterøybrua.

Osterøybrua

EKSTRA PORTO: Då autopassbrikka passerte over Osterøybrua var eigar Steinar Fitjar i Nordsjøen. Han må likevel betale for turen med posten.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Rekninga for det enda opp hos Fitjar. Trass i at autopassbrikka ikkje var registrert på noko køyretøy, vart Fitjar trekt to gonger – fordi brikka liggande bak i lasterommet på postbilen.

– Eg var inne og sjekka på sidene mine på nettet, og såg at det var trekt for to passeringar. Men eg visste at eg ikkje hadde køyrt sidan eg var på jobb i Nordsjøen. Så eg fann ut det måtte vera postbilen, humrar Fitjar.

– Men eg tenkte ikkje at noko slikt kunne skje. At brikka skulle bli oppdaga langt nede i ein postbil.

Sendte klage, men ...

Det har ikkje noko å seie om det ikkje er eit køyretøy registrert på brikka.

Driftssjef Grethe Kleppe i Bro og tunnelselskapet

Han presiserer at dette er ei prinsippsak, og at dei to passeringane til rundt 50 kroner ikkje svir i lommeboka.

– Men eg skal vel ikkje betala når eg ikkje har passert bomstasjonen, undrar han.

Fitjar sendte klage til Bro og Tunnelselskapet og bad om at dei strauk dei to passeringane frå brikka hans. Svaret han fekk var overraskande.

– Då fekk eg til svar at det ikkje var aktuelt. Beskjeden var at var brikka passert så var den passert. At eg ikkje hadde passert med eit køyretøy, var ikkje deira problem, fortel Fitjar.

– Ikkje ofte vi høyrer om dette

– Det er ikkje ofte vi høyrer om slike problemstillingar, seier driftssjef Grethe Kleppe i Bro og tunnelselskapet.

– Vi har høyrt om at folk har hatt brikka i handveska, eller i stresskofferten, og bomstasjonen har då registrert passeringa.

Ho bekreftar det Fitjar har fått til svar på klagane sine: Autopassbrikka har passert og då blir han trekt.

– Systemet veit jo ikkje kva bil brikka er i, og det blir vanskeleg å endre på dette.

Eigar har ansvar

Det er personen som eig brikka som har ansvar for å melde frå når bilen vert selt.

– I samsvar til avtalen så er kunden ansvarleg for å fjerne brikka i bilen når den vert selt. Meininga er at du kan enkelt flytte brikka til eit nytt køyretøy eller levere den tilbake til oss.

Det har altså ikkje noko å seie om ein har fjerna registreringsnummeret frå autopassbrikka. Avtalen må seiast heilt opp om du ikkje vil at brikka skal ta betalt for slike passeringar som det Steinar Fitjar har opplevd.

– Ja, det stemmer. Det har ikkje noko å seie om det ikkje er eit køyretøy registrert på brikka, seier Kleppe.

Må sendast i folie

Skal du unngå ein ekstra bompengerekning slik Steinar opplevde, er det du som må passe brikka din. Løysinga er å pakka ho inn slik at bomstasjonen ikkje oppdagar ho.

– I utgangspunktet så blir brikkene levert i ein foliepose. Viss ein skal gå gjennom ein bom utan at den blir registrert, så må ein pakke den inn i ein tilsvarande foliepose.

– Eller pakke den inn i aluminiumspapir rett og slett, svarar Kleppe.