Hopp til innhold

Her kjem minihesten Molly på nissebesøk

Ungane i Sande Barnehage forventa at nissen hadde med seg eit reinsdyr, men i staden kom nissemor med ein amerikansk miniatyrhest.

Ungane i Sande barnehage forventa at nissen skulle komme på eit reinsdyr, men i staden kom nissemor på ein amerikansk miniatyrihest.

SJÅ VIDEO: Her får ungane i Sande Barnehage ein litt spesiell gjest på besøk på julefesten sin.

– Kanskje nissen kjem no?

Ungane i barnehagen på Sande trippar rundt og ser ut gjennom alle vindauga. Det er mange spente fjes å sjå i barnehagen i dag. Dei ventar nemleg på ein heilt spesiell gjest.

– Det er nissen som skal komme hit i dag. Det pleier han å gjere når vi har julefest, fortel borna.

Gåver til dei som er snille

Alle har raude klede på seg og alle er svært spente på kva nissen har med seg.

– Han har med seg gåver til alle saman, fortel ei lita nissejente.

– Nei, berre til dei som har vore snille, korrigerer ein annan.

– Har alle vore snille da?

– Jaaa, seier dei alle i kor.

Så då er det berre å vente.

Miniatyrhest på besøk

Men i dag har nissen med seg ei ekstra overrasking til ungane.

– Eg trur det er reinsdyret. Reinsdyret heiter Rudolf, fortel ein.

– Dei forventar nok at nissen har reinsdyr, så det blir artig å sjå korleis dei reagerer på overraskinga, fortel styrar i barnehagen, Eldrid Skudal.

For då ventetida endeleg er over og nissemor kikkar fram frå hushjørnet, får alle ungane sjå kven ho har med seg.

Molly er ein amerikansk miniatyrhest som er ala som terapi og selskapshest.

Nissemor tek like godt med seg Molly inn i barnehagen.

– Det er ein hest, ropar ungane i begeistring.

Fin, mjuk og liten

Nissemor og hesten deler ut pakkar til borna og alle får klappe Molly.

– Den var veldig fin og mjuk og så glitra den, kan ungane fortelje.

– Også var den liten, så liten som detta her, seier eine guten og måler til nedpå magen sin.

– Kor bur denne hesten da?

– Han bur i Gaularfjellet vel. I fjøset i Gaularfjellet, seier dei alle i kor.

Barn i nissekostyme, Sande Barnehage

VENTAR I SPENNING: Nissen hadde ein fin og mjuk liten hest, fortel ungane i Sande Barnehage.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK