Laurdag var Tomas Tjønneland og 12-13 andre jegerar i Angedalen på ulvejakt.
Men medan ulven uteblei, såg dei derimot hjort i hopetal - som dei ikkje kunne skyte.
– Det var mykje spørsmål på sambandet om ein kunne skyte. Ingen svara. Det var jo ulvejakt vi var på, og vi var samde på førehand at det var den vi skulle fokusere på, seier Tjønneland.
Ulveobservasjon
Dagen i førevegen gjekk bror til Tjønneland, Ove André Tjønneland, rett på det som truleg er den mykje omtala naustdalsulven. Han hadde med seg ein flokk på 30 sauer, og
.(Artikkelen held fram under biletet)
ULV: Ulven var ikkje så langt unna bustadane i Angedalen.
Foto: Ronny Grimeland / NRKLaurdag var det altså duka for ulvejakt for dei lokale jegerane. Det førte til ei heilt anna oppleving for jegerane som vanlegvis er ute for å skyte hjort.
- LES OGSÅ:
JAKTLEIAR: Stein Mortensbakke.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK– For mange hjortejegerar er det uvant å sjå hjortedyra på så nært hald, men ikkje gjere som ein pleier, altså sikte og trekkje av, fortalde jaktleiar Stein Mortensbakke til NRK.no.
Stor hjort
– Det vandra hjort forbi nesten alle postane og det var brøling over alt. Eg såg sju, seier Tjønneland og vedgår at det kribla litt i avtrekkarfingeren. Ein stor bukk, som han uansett ikkje kunne skote, tok seg så god tid framfor jegeren at Tjønneland fekk filma den.
Den poserte kring 30-40 meter unna. Kor mange taggar den hadde, er Tjønneland usikker på.
– Men den var bra stor. Det var ei utruleg flott oppleving. Den kom åleine og tok seg god tid. Hjorten på denne tida plar sjå utsleten og ruskete ut, men ikkje denne. Den var så rein og fin i ansiktet og formene, fortel han.
– Ei heilt anna oppleving
Tjønneland har jakta hjort sidan han var 16 år gamal. Opplevinga laurdag var av det spesielle slaget. Han fekk nyte hjorten i all si prakt.
– Det blir ei heilt anna naturoppleving, enn når du er på jakt. Ein kunne stå og nyte den, og ikkje minst filme den. Å gå i skogen med kamera, er sikkert like spennande som å gå der med gevær, seier han.
– Men kvifor kunne de ikkje felle hjorten de såg?
– Det hadde blitt heilt feil. Vi jaga frå eit nabovald og då er det feil å skyte når den kjem inn på vårt vald. Men hovudsakleg, så var det fordi vi var på jakt etter ulven.
Ventar på snø
No vart jakta avslutta utan å felle ulven, men nokre gode hjortehistorier hadde jegerane å dele under oppsummeringa.
– Filmen gjekk på rundgang og alle fortalde om hjorten dei kunne skote, humrar Tjønneland.
Og når det gjeld ulven?
– Vi hadde ikkje tru på at vi ville sjå noko, men vi måtte berre prøve. No må vi rett og slett vente på snø. Det er større sjanse når vi har sporsnø. Til då må vi berre prøve å passe på sauene som går her.
–