Hopp til innhold

Fekk att flaskeposten etter ti år

Kenneth Aaland hugsar ikkje sjølv at han stod og vinka etter flaskeposten som femåring. Ti år etter fekk han flaska tilbake.

Kenneth Aaland og André Rake med flaskeposten

OVERRASKA: Kenneth Aaland (t.v.) vart svært overraska då han fekk tilbake flaskeposten han kasta på elva som femåring. Her saman med André Rake som fann flaska.

Foto: Hans Holmøyvik/Fjordingen

Det var nok ganske tilfeldig at flaskeposten kom tilbake til den som hadde kasta den på sjøen. Etter at uvêret «Dagmar» hadde herja frå seg i romjula, låg det mykje rusk og rask langs strendene.

Utanfor naustet sitt i Marsåvika på Rake i Stryn fann André Rake ei grøn plastflaske.

– Eg plukka ho opp. Og ved nærare undersøking såg eg eit samanrulla papir inne i flaska, seier han til Fjordingen.

På det gulna papiret fann Rake både namn og adresse på den som hadde sendt posten, nemleg Kenneth Aaland i Stryn. Flaska har vore heilt tett sidan den hamna i sjøen, og innhaldet var dermed godt bevart.

– Stor var forundringa då eg konstaterte at det dreisa seg som ein flaskepost som skreiv seg heilt tilbake til 2001, seier Rake til avisa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Aaland med flaskeposten

LANG TUR: Flaskeposten som Kenneth Aaland heiv på elva i 2001 har vore på ei lang reise.

Foto: Hans Holmøyvik/Fjordingen

Ingen kan vite kor flaska har vore

No har han levert flaskeposten tilbake til Aaland. Han hugsar sjølv ikkje at han sendte den som femåring. Det gjer derimot mora, Janne Aaland. Ho fortel at flaska vart kasta i Stryneelva sommaren 2001.

– Han stod lenge og vinka, fortel mora til Fjordingen.

Kor flaska har vore desse åra, er det nok ingen som kan seie for sikkert. Det kan tenkjast at den har vore langt ute i Nordfjorden, eller at den har vore vaska på land langs fjorden fleire gonger. Uansett vart den altså funne att vel seks kilometer unna der den starta reisa.

Aaland lovar at han ikkje skal gløyme flaskeposten denne gongen, og vil ramme opp teikninga og hengje den opp på veggen.