Klokka 16 fredag 22. januar set ho seg på orgelkrakken i Johanneskirken i Bergen. Derifrå styrer ho klokkespelet i kyrkjetårnet som skal ljome utover byen.
Ho skal framføra «Imagine» av John Lennon og «Heal the World» av Michael Jackson, altså på kyrkjas klokkespel.
Nede ved Den blå steinen ved Torgalmenningen skal det så bli feira at FNs internasjonale atomvåpenforbod byrjar å gjelda i dag.
Bestemor frå Nagasaki
– Det er ei spesiell anledning for meg å få vera med og markera FNs atomvåpenforbod. Særleg med tanke på at bestemora mi vaks opp like ved Nagasaki.
USA sleppte ei atombombe som utsletta byen 9. august 1945.
Saman med bombinga av nabobyen Hiroshima tre dagar før, var dette dei første og til no heldigvis dei einaste atombombene som har blitt brukt mot sivile.
– Bestemor mi vart likevel 104 år! fortel Mariko Takei Myksvoll.
– Kjempesiger
Atomvåpenforbodet gjer at det no er forbode å laga, transportera, lagra og bruka atomvåpen.
– Dette er ein kjempesiger for fredsrørsla. Tenk at me opplever i vår levetid at atomvåpen blir forbode! Det har tatt over 75 år.
Det seier Susanne Urban, styremedlem i Kvinneliga for fred og frihet, og initiativtakar til markeringa.
– Ingen skal fortsetta å fortelja oss at verda blir ein tryggare stad med fleire atomvåpen.
– Det er kanskje ikkje så mange som har fått med seg at denne FN-traktaten kjem?
– Nei, omtalen frå både styremaktene og media i Noreg har vore litt fislete, men no skal me slå på stortromma og feira. Det blir paukar, basunar, hurtigrute-fløyter og flott musikk av mange slag.
Markeringar i Noreg
Sjølv om det har vore lite offentleg merksemd i Noreg, kjenner ho til at det også blir markeringar i Oslo, Trondheim og Stavanger.
Med ei tamtam-tromme demonstrerer Urban at fem fredsorganisasjonar trommar saman til feiringa i Bergen der folk er invitert til å møta opp med store og små trommer og skrangleinstrument.
– Ingeborg Ekeland skal synga David Bowies «Peace on Earth», før musikkpedagog Lars «Tromme-Lars» Kolstad til slutt skal leia ein tromme-jam med alle frammøtte, basert på John Lennons «Imagine».
Noreg signerte ikkje
– Denne dagen er eit svært viktig steg i kampen mot atomvåpen. No kan me «med lova i hand» forlanga at også Noreg føyer seg etter FN-traktaten. For Noreg har ikkje signert den endå, seier Urban.
I 2006 vedtok 23 medlemsland å starta forhandlingar om ein traktat om forbod mot atomvåpen. 38 land stemte imot i FNs hovudforsamling, blant dei Noreg, USA og dei andre Nato-landa. Stortinget avviste i mars 2019 norsk tilslutnad til forbodstraktaten.
– Eit forbod der ingen kjernevåpenstatar er med, har ingen effekt, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) den gongen.
Også Arbeidarpartiet stemte nei, men sa dei ville arbeide for forbod mot atomvåpen på sikt.
Men 122 av FNs medlemsland slutta seg til traktaten i juli 2020.
Honduras gjorde utslaget
Føresetnaden for at traktaten skulle bli gjeldande, var at 50 medlemsland ratifiserte, altså godkjende den folkerettslege avtalen. Honduras vart det 50. landet som i oktober gjorde nettopp det. Og 90 dagar seinare, altså 22. januar 2021, er dermed atomvåpenforbodet gjort gjeldande.
– Dette betyr at det blir folkerett. Det blir bindande internasjonal rett for dei statane som har underskrive avtalen, forklarte Kjølv Egeland, postdoktor i internasjonal sikkerheit ved Science Po i Paris, i oktober.
- Les også:
UD: Forbod er ueigna
Statssekretær Audun Halvorsen i UD forklarer skriftleg til NRK kvifor Noreg og resten av Nato verken har signert eller ratifisert traktaten.
– Regjeringa arbeider for kjernefysisk nedrusting, med mål om ei verd utan kjernevåpen. Om ein skal nå dette målet, er det avgjerande å engasjera landa som har kjernevåpen. Traktaten om forbod mot kjernevåpen gjer ikkje dette og er, blant anna derfor, ikkje eit eigna instrument for å nå målet om ei kjernevåpenfri verd.
Han legg til at nedrusting må vera balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar.
– Det ikkje vil bli fjerna eit einaste atomstridshovud utan at kjernevåpenstatane deltar i nedrustingsprosessen. Nato kan heller ikkje einsidig rusta ned når land som Russland og Kina rustar opp.
Han viser til at traktaten bind berre dei statane som har ratifisert den.
– Den vil dermed ikkje ha nokon effekt for dei landa som faktisk har kjernevåpen, avsluttar Halvorsen.
– Større trugsmål enn klimaendringane
– Leiinga i Noreg er i utakt med folket. I ei spørjeundersøking meinte 78 prosent av nordmenn at Noreg skal signera atomvåpenforbodet, seier Susanne Urban.
– Men det er vel politisk umogleg så lenge Noreg er med i Nato?
– Det går jo an å ha seg fråbeden å bli «forsvart» med atomvåpen utan å måtta melda seg ut av Nato.
Ho meiner atomvåpen er det største trugsmålet mot livet på jorda.
– For det er ugjenkalleleg. Klimaendringane kan me prøva å gjera noko med, men blir atomvåpen brukt, er me fortapt.