Hopp til innhold

Maratonmannen provoserte med fedme-utspel

Ole Johannes Øvretveit provoserte mange då han onsdag langa ut mot fedmeoperasjon på Vestlandsrevyen.

Midjemål

MOT OPERASJON: Eit meir stilleitjande liv fører til fleire og fleire sjukeleg overvektige.

Foto: NRK

Den 44 år gamle forfattaren og humoristen, også kjent som maratonmannen, stod sjølv på venteliste for operasjon, men vart frårådd dette av ein kamerat som var lege.

  • KVA MEINER DU OM SAKA? SEI DI MEINING NEDST I SAKA.

No har Ole Johannes Øvretveit gått ned 50 kilo på trening og sunnare kosthald. Han meiner oppskrifta er enkel:

– Folk må ta seg saman og gjere noko med livet sitt. Det er så enkelt. Kom deg ut ein time kvar dag og tenk deg om eitt sekund før du opnar munnen og puttar noko inn, sa han.

Latterleggjorde

John Roger Andersen, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

IKKJE LETT: John Roger Andersen er førsteamanuensis.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Uttalen fekk sinna i kok hos fleire, også blant aktørar på Facebook og Twitter. Første amanuensis John Roger Andersen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er mellom fleire som meiner Øvretveit latterleggjorde dei mange fedemeopererte sine val om å ta vare på eiga helse.

Øvretveit presiserte under intervjuet at fedmeoperasjon var løysinga for invalide som ikkje kunne bevege seg.

– Det er ikkje så enkelt. Det viser seg at mange går mykje ned i vekt, men så kjem kiloa tilbake. Så blir dei sjuke, får diabetes og så vidare. Så gjer dei eit godt informert val knytt til ta operasjon og mange får eit heilt nytt tilvære, seier Andersen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Fedmeoperasjon

SJÅ: Behovet for inngrep mot farlig fedme vil auke kraftig.

Gjekk ned 35 kilo

I fjor vart over 2 000 nordmenn operert for overvekt. Legane ved Førde sentralsjukehus var mellom dei første som tok til med å hjelpe sjukleg overvektige ved hjelp av operasjon.

Ei av desse, May Tone Ølheim, er førebels 35 kilo lettare.

– Eg har blitt ein meir positiv person. Det er ein endring både når det gjeld kosthald og livsstil. Eg kjem meg meir ut og når nokre nye toppar. Den beste toppen har eg nådd då eg tok operasjonen, seier ho.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjekt å kome seg ut

Men Øvretveit, som også skriv blogg om slanking for bt.no, hevdar mange fedmeopererte har vald den «lettaste vegen» for å gå ned i vekt.

Ole Johannes Øvretveit

NEI: Ole Johannes Øvretveit meiner fedmeoperasjon er feil medisin mot overvekt.

Foto: NRK

Ein operasjon kostar mellom 100 000 og 150 000 kroner, og Øvretveit meiner at ei treningsøkt på ein times tid er langt rimelegare og kjekkare – og gir mindre komplikasjonar.

– Det er så kjekt å slanke seg på naturlege måten. Kjekt å komme ut i naturen, kjenne på kroppen og musklane at du blir sterk, seier han.

Tilby trening

Øvretveit meiner samfunnet bør tilby og betale for at overvektige får treningstimar. Han meiner trening er viktig for å førebyggje sjukleg overvekt.

Problemet med overvekt er aukande. Årsaka til dette er livsstil.

– Tenk å tilby dei ti timar med personleg trenar. For ein må begynne så forsiktig at ein må leiast etter handa. Min personlege trenar sa at det skal vere så lett at ein tykkjer det er kjekt. Om ikkje så blir det ikkje noko av, seier han.

– Hadde det ikkje vore ein idé å køyre slike program før dei blir sjukleg overvektige? Det hadde vi spart masse på, også mykje liding, legg Øvretveit til.

– Siste verkty

Andersen er samd med Øvretveit i at det er viktig med trening for å førebygge overvekt i eit stillesitjande samfunn. Helst ein til to timar trening, kombinert med sunnare kosthald.

Han meiner likevel ikkje at fedmeopererte har vald ei lett løysing på problemet.

– Fedmekirurgi er siste verkty i verktykassen. Det må ein bruke på utvalde pasientar. Dette er gjennomtenkt, og er ingen lett veg. Det er ulemper, men det har pasientar fått informasjon om og vurdert, seier han.

– Eg vil halde på at dersom ein først er blitt sjukleg overvektig, og ynskjer operasjon, så skal ein få det, avsluttar Andersen.