Hopp til innhold

Fattige naboar bur seg på betre tider

Nokre av dei strammaste kommuneøkonomiane i Sogn og Fjordane skal slå seg saman med storebroren Førde. I tronge budsjettforhandlingar bur ein seg no på betre tider.

Førde rådhus

DET NYE STORSTOVA: Førde rådhus kan snart bli rådhus for fleire, men utgangspunktet dei fire sunnfjordkommunane går inn med er ganske ulikt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Skulestrukturen her i kommunen er ikkje eit tema, og det er fordi det er eit dårleg tidspunkt å snakke om nedleggingar når den økonomiske situasjonen kanskje blir betre om tre år. Dei seier rådmann i Gaular Atle Fasteland.

Gaular er på den såkalla Robek-lista, som tyder at økonomien er så dårleg at staten har teke over styringa. Å leggje ned ungdomstrinnet på den vesle Viksdalen skule har ofte vore eit tema i dei krevjande budsjettforhandlingane i kommunen, men no varslar rådmannen at skulen er freda fram til kommunesamanslåinga med dei andre kommunane i indre Sunnfjord.

I tidlegare rundar er det stort sett administrasjonen og rådmannen i kommunen som har pressa på for skulenedlegging, men no har rådmann håp om ein lysare framtid.

– Det er vanskelege å spå korleis framtida vil bli, men det er veldig mykje som tyder på at vi får ein betre økonomisk situasjon når vi går saman med dei tre andre kommunane om tre år. Det er klart det pregar budsjettforhandlingane vi no er oppe i.

Rådmann i Gaular Atle Fatseland

IKKJE EIT TEMA: Rådmannen i Gaular seier at skulenedlegging ikkje er eit tema.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det er ikkje berre i Gaular ein ser lysare på framtida. Alle dei tre kommunane rundt Førde kjem dårleg ut av det nye inntektssystemet for kommunar, og får det tøft dei tre siste åra dei står åleine.

Fattige småkommunar

Også Naustdal kommune er på Robek-lista og har ein trong kommuneøkonomi. Heller ikkje her vil skulenedleggingar vere eit tema i tida framover.

– Det er heilt uaktuelt å leggje ned fleire skular i Naustdal. Vi har kome dårleg ut av det nye inntektssystemet for kommunar, og har ein krevjande økonomi, men vi kjem ikkje til å gå inn for å endre på skulestrukturen framover, seier rådmann Øyvind Bang-Olsen.

Rår frå å utsetje vonde grep

Prosjektleiar for kommunereforma hjå fylkesmannen, Kåre Træen, seier det stemmer at økonomien til småkommunane kan bli betre etter samanslåinga. Han trur likevel ikkje det er lurt å utsetje det å få kommuneøkonomien på rett kjøl.

Kåre Træen

ANBEFALER GREP: Kåre Træen hjå fylkesmannen tilrår kommunar med stram kommuneøkonomi å ta grep før samanslåinga.

Foto: NRK

– Det er mitt inntrykk at kommunane det gjeld tek grep for å få balanse på økonomien, og det er også lurt. Ein vil ha eit mykje betre utgangspunkt om ein går inn i den nye storkommunen utan store underskot på budsjettet.

Tek dei naudsynte grepa

Sjølv om han trur kommunen går betre tider i møte, understrekar rådmann i Gaular Atle Fasteland at kommunen er klar til å ta skikkelege grep for å kome i balanse før dei går inn i storkommunen.

– Sjølv om tidene blir betre betyr ikkje det at vi ikkje skal ta dei grepa som er naudsynte. Vi er innstilte på å kutte underskotet vårt, og det skal vi gjere med andre grep enn nedleggingar, seier Fasteland.