FÅTT INN 30 TIPS:

Politiet i Bergen har fått inn 30 tips etter at ei jente vart utsett for eit seksuelt overgrep i Åsane tysdag. Den seks år gamle jenta var på veg heim frå skulen då overgrepet skjedde i Hjortlandsvegen. Politiet jaktar på gjerningsmannen og saka har høg prioritet, fortel politijurist Trond Eide ved Bergen Nord politistasjon. Måndag skal jenta i avhøyr.