Hopp til innhold

Fasttelefonen får leve vidare

Telenor legg likevel ikkje ned fasttelefonnettet frå 2017. Det får fleire i utkantane til å juble.

Telefon

EVIG LIV: Trass mobiltelefonane sitt inntog i folk sine liv er fasttelefon framleis eit viktig verktøy for mange. No lovar Telenor at den er sikra eit lenger liv enn til 2017.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

– Eg trur det er mange som vil dra eit lettelsens sukk. Det er mange som har engsta seg for kva som kunne skje. Spesielt eldre folk som ikkje vil lære mobiltelefon, og dei som bur der det er vanskeleg med mobilsignal, så det må vere topp, seier Marita Aarvik på Stad.

Ho er ein av dei som har kjempa for å få behalde fasttelefonen. Med bustad i eit område der mobilsignala ikkje alltid når fram, så har fasttelefonen vore eit viktig hjelpemiddel.

Marita Aarvik

LETTA: Marita Aarvik på Stad er letta over at Telenor vil halde fram med fasttelefoni, men åtvarar mot å bruke det som ei kvilepute for vidare mobilutbygging.

Som fleire hundre tusen nordmenn har ho frykta å miste heimetelefonen. For Telenor har tidlegare varsla at det ville bli slutt på fasttelefoni frå 2017. Men no har dei kome på andre tankar.

Framleis stor etterspurnad etter fasttelefoni

– Det vi diskuterer no er kva utstyr vi skal sette inn i sentralen, som skal gje summetone heim. Det kan godt vere at vi endar opp med at kunden kan behalde sin gode gamle analoge telefon, som dei har i dag, berre at utstyret i sentralen blir meir moderne, seier informasjonssjef, Per Arne Meling i Telenor.

Sjølv om fleire og fleire vel vekk fasttelefon til fordel for mobiltelefon, så er det framleis mange som kontaktar Telenor for å få oppretta analoge linjer til heimen. Kring 700 000 har framleis fasttelefon, og nær 2000 personar kontaktar kvar månad selskapet med spørsmål om fastelefonilinjer

– Det er veldig ofte dei som stiftar familie, folk i 30–40 årsalderen. Og av dei som er over 50 er det også mange som beheld telefonen, fortel Meling.

Åtvarar mot å bremse mobilutbygging

Sjølv om Marita Aarvik på Stad er glad for at Telenor har bestemt seg for å halde fram med fasttelefoni, så håpar ho det ikkje blir brukt som ei sovepute for å bygge ut mobilnettet, for dei er avhengige av begge deler.

– I sommar datt sendaren ut på grunn av dårleg er, og då var vi utan mobil i fleire dagar. Då er det å ha fasttelefon ein backup som gjev oss ekstra tryggleik. Vi er avhengige av det, for å vere fleire veker utan mobil var skremmande, seier Aarvik.