Hopp til innhold

Fartøy har gått på grunn

Redningsskøyta Bergen Kreds har rykka ut til eit fartøy som har gått på grunn 20 nautiske mil sørvest av Florø. Kystvakta var også på staden. Det var fem mann om bord i fartøyet, men det hadde ikkje fått vanninntrenging.

– Med tanke på at det ikkje var vanninntrenging så gjekk det frå å vere nokså dramatisk til å bli eit meir vanleg slepeoppdrag.

Nå skal fartøyet slepast til eit verkstad i Måløy.

Operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt seier dei ikkje har fått melding om hendinga, og difor ikkje kjenner til den.

Redningsselskapet rykker ut til et fartøy som har gått på grunn
Foto: Bergen Kreds / Redningsselskapet