Farleg luft over Bergen i ettermiddag

Det er kaldare i sentrumskjernen enn på dei sju fjell i Bergen i dag. Dermed kom «giftlokket» smygande inn over byen.

Luftforurensing i Bergen

RAUDT: VARSEL: Slik ser det ut i Bergen i dag. Varmare luft på toppen av Ulriken gjorde at luftmålarane nede i byen varsla farleg luft over Danmarks plass.

Foto: Vervarslinga på Vestlandet

– Vi registrerer det vi kallar ein kraftig inversjon i dag. Den er den største temperaturforskjellen eg har sett til no i haust, og det kan bety at vi får eit "lokk" over Bergen utover dagen, seier meteorolog Kjersti Opstad Strand ved Vervarslinga på Vestlandet.

Dårlig luft i Bergen

RAUDT VARSEL: Klokka 13.00 viste indikatorane for luftkvalitet på Danmarks plass raudt, noko som syner stor helsefare.

Foto: Skjermdump: luftkvalitet.info

Like før klokka 08.00 melder meteorologane at temperaturen er fire grader i byen, medan temperaturen er ni grader på Ulrikens topp.

– Det betyr dårleg luft!, åtvarar meteorologane på sin Twitter-konto.

Fem timar seinare passerte luftmålarane for første gong så høge verdiar at målingane for svevestøv (PM10) viste raudt på Danmarks plass. Samtidig viste målingane for nitrogendioksid (NO2) oransje.

Det betyr «stor helsefare» på skalaen til luftkvalitet.info.

– Forureininga som kjem frå biltrafikk og vedfyring vil bli fanga i sentrumskjernen på grunn av den kraftige inversjonen. Den nedste lufta vil bli fanga nede i sentrum rett og slett, utdjupar Opstad Strand.

Inversjon i temperaturen i Bergen

Grafen frå Geofysisk institutt syner inversjonen i Bergen i dag. Den raude streken syner temperaturen i Bergen ved Florida, medan den blå syner temperaturen på Ulriken. I dag var det kaldare nede i sentrum enn på fjelltoppen.

Foto: Geofysisk Institutt

Vil merka forureina luft utover dagen

På nettstaden Luftkvalitet kan ein følgja med på kor forureina lufta i Bergen er akkurat no. Førebels er det målt lite forureina luft til no i dag, men meteorologane meiner det vil bli verre utover dagen.

– Noko vil me merka allereie i rushtrafikken i dag tidleg, men tendensen som vi har sett tidlegare er at "lokket" vil oppstå utover dagen og det vil bli meir forureina luft i ettermiddag.

Laster Twitter-innhold

Klokka 09.00 er varslinga på luftforureininga i Bergen oppdatert, og syner no «moderat». På ein skala frå ein til fire der sistnemnde er høgast med svært høg luftforureining, ligg moderat på trinn 2.

Det er på Danmarksplass at målaren syner moderat luftforureining. På målaren ved rådhuset lenger ned i sentrum er det framleis lite forureining.

– Onsdag er det venta noko forureina luft, i sterkt trafikkerte strøk kan forureiningsnivået vera høgare, heiter det i varselet på luftkvalitet.info.

Luftforureining i Bergen, oktober 2015

Slik ser himmelen over Bergen ut i dag.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Kjent problem

Bergen har lenge slite med dårleg luftkvalitet. Spesielt når det blir klarvêr om vinteren, og slike temperaturforskjellar i høgda som ein ser i dag.

Kommunen har bestemt seg for å innføra køprising, som eitt av tiltaka for å forbetra lufta i Bergen. Tidlegare i oktober vart det kjent at Norge vart dømt for dårleg luftkvalitet i både Oslo og Bergen i EFTA-domstolen.

I Oslo rasar diskusjonen om bilfritt sentrum.

– Sju av dei siste åtte åra har luftkvaliteten på Danmarks plass i Bergen vore i strid med forureiningsforskrifta. Dommen i EFTA-domstolen bør bli tatt på det største alvor i bergenspolitikken. Den er pinleg for ei nasjon som er opptatt av å stå fram som miljøvenleg, sa Sondre Båtstrand i MDG i Bergen då dommen kom.

Luftkvalitet i Bergen 28.oktober

Her er varslinga for luftkvaliteten i Bergen i dag, sortert etter klokkeslett.

Foto: Luftkvalitet.info / Skjermdump