Har du planar om å nyte dei siste dagane av haustferien i fjellet, anten til fots eller på veg heim i bilen, må du vere forsiktig. Meteorologisk institutt har nemleg sendt ut gult farevarsel om at snøbyer og sterk vind kan gi lokalt snøfokk i fjellet i Sør-Noreg.
– I kveld vil vinden minke forbigåande, men så vil den auke igjen natt til laurdag. Fram til laurdag ettermiddag vil det difor vere ein del vind og snøbyer. Det kan gi snøfokk og utfordrande køyreforhold, fortel statsmeteorolog Eldbjørg Moxsnes.
HAMMERFEST: Slik ser det ut i Hammerfest i dag.
Foto: Sonni Schumacher– Ikkje bruk sommardekk
Ho får støtte frå trafikkoperatør Marianne Hove i Statens vegvesen,
– Vi tilrår ingen å køyre med sommardekk i fjellet no.
Ho legg til:
– Det vil heilt sikkert vere glatte parti på fjellovergangane i helga.
Gradestokken har alt krope under null grader fleire stader, og ifølgje Statens vegvesen sine webkamera er det alt snø i vegbanen på riksveg 15 over Strynefjellet og på fylkesveg 55 over Sognefjellet.
GLATT VEGBANE: Slik ser det ut på riksveg 15 ved Grotli på Strynefjellet fredag ettermiddag. Vegvesenet åtvarar mot meir snø og sterk vind.
Foto: Statens vegvesen20–30 centimeter snø
Laurdag kveld vil snøgrensa i Trøndelag ligge på mellom 200 og 500 meter, medan den stig litt til 400 til 600 meter i Møre og Romsdal.
Sør for Stad er det venta snø ned til 600 til 800 meter over havet i fjellet.
I deler av Nord-Noreg har vinteren alt festa grepet, også i låglandet, blant anna i Finnmark.
Der er det sendt ut gult farevarsel om at det kan kome 20–30 centimeter snø på 24 timar over 100 til 200 meter fredag kveld og på laurdag. Nedbøren startar på Finnmarksvidda og i Aust-Finnmark før den breier seg gradvis vestover.
I Troms og Nordland vil det og snø i fjellet, fortel Moxnes.
Kan verte ganske kaldt
Det er dei vestlege fjellområda i Sør-Noreg som vil få besøk av Kong Vinter denne helga.
– Det er eit vêrskilje mellom aust og vest. I dei austlege fjellområda vil det vere opphaldsvêr, og vi kan få ein del sol der.
Moxnes fortel at det også kan verte ganske kaldt indre strøk og fjellet i helga, i alle fall der det er klarvêr, som på Austlandet.
– Vi må vere budde på ein del minusgrader i indre strok og i fjellet på nattetid, også i område der det ikkje er snø.
Ikkje uvanleg i oktober
På Strynefjellet melder yr.no at det kan verte 14 minus på måndag, medan dei varslar minus 10 på Dovrefjell og Filefjell.
Men Moxnes vil ikkje vere med på at vinteren kjem tidleg til Noreg i år.
– Det er ikkje uvanleg med snø i fjellet og kuldegrader på nattetid i siste del av oktober, seier ho.
KVIT HYTTEIDYLL. Denne hyttegrenda på Strynefjellet fekk besøk av Kong Vinter alt i starten av denne veka.
Foto: Tronde Ueland