Hopp til innhold

Farevarsel om sludd og snø i høgfjellet

Kraftig vind og snøbyer førte til stengd fjellovergang og fleire krevjande redningsaksjonar denne helga.

Sognefjellet

SOGNEFJELLET: Slik ser det ut på Sognefjellet sundag morgon. Fjellovergangen er stengd.

Foto: STATENS VEGVESEN

– Det har vore dårleg vêr og kaldt, seier meteorolog Magni Svanevik.

Meteorologisk institutt har sendt ut eit gult farevarsel for fjellet i Sør-Noreg.

Kombinasjonen av låge temperaturar, snø og kraftig vind har vore ei stor utfordring for fleire redningsaksjonar.

Sterk vind og låge skyer gjorde at eit redningshelikopter frå Florø sleit med å ta seg fram til ein mann som var sakna på Galdhøpiggen.

– Det er framleis mykje vind i høgfjellet, seier Svanevik.

På Hardangervidda var ein mann vêrfast gjennom natta. Han var våt og kald, og det var dårleg vêr i området.

I Hardanger måtte eit turfølge på 11 personar bli redda frå 1200 meters høgde i natt. Fire personar blei først redda av eit helikopter, før vêret gjorde at det ikkje var mogleg å hente ned dei sju andre. I natt blei resten av turfølget tatt med til ei hytte i området.

Måtte stenge fjellovergang

Kraftig vind og snøbyer har også ført til trøbbel for bilistane. Fv. 55 over Sognefjellet var stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.

– Du må rekne med at nedbøren kjem som hagl og snø, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm.

Bilistar som skal over fjellet blir oppmoda til å bruke vinterdekk.

– Vinterdekk er lurt først på dagen. Følg med på vêrmeldinga, seier meteorolog Magni Svanevik.

Fleire centimeter med snø

Ved Folgefonna skisenter har det kome fem centimeter med snø. På søndagen kjem snøgrensa til å stige.

– Det ser ut til at det verste med nedbør er over, men det vil framleis blåse ein del, seier Svanevik.

Laster Twitter-innhold