Hopp til innhold

Oppjusterer til oransje farevarsel – no blir det våtare i vest

Eit kraftig lågtrykk set no kurs mot Noreg, og det kan bli opp mot 150 mm nedbør i løpet av eitt døgn. NVE utelukkar ikkje at farevarselet blir sett opp til raudt.

Ein mann på scooter fekk problem på vegen i Bergen onsdag.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Om regnbuksa di er borte vekk eller du har hòl i støvelen din, bør du anten springe i butikken – eller berre halde deg inne dei neste dagane.

For no blir det våtare i vest. Svært vått.

Det er usikkerheit i jordskred- og flaumvarselet, men det kan endre seg til raudt i ettermiddag eller i morgon tidlege, seier Aart Verhage, regionsjef for region Vest i NVE.

Farevarselet for regn blei torsdag føremiddag oppjustert til oransje. Varselet gjeld for midtre og indre strøk på vestlandet.

Frå i torsdag kveld og fram til fredag kveld, er det varsla 80–120 millimeter nedbør. Lokalt kan det komme opp mot 150 mm.

Det er også oransje farevarsel for jord-, sørpe- og flaumskredfare i indre deler av Vestlandet.

Vêrsituasjonen kan medføre stengde vegar. Vegtrafikksentralen varslar allereie at rasutsette fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde blir stengd ved Heilevang frå torsdag til laurdag morgon.

Heilevang langs 609 er rasutsett.

Fylkesvegen mellom Askvoll og Førde blir stengd frå torsdag ettermiddag. Det er lokal omkøyring via Dalsfjordsambandet.

Foto: Privat

– Folk må halde seg oppdaterte på situasjonen, halde seg unna elver og bekker med stor vassføring, og sikre og flytte verdiar bort frå utsette område, seier Verhage.

Eit kraftig lågtrykk bygger seg nemleg opp vest for Azorene i Atlanterhavet og set kurs mot Noreg og Vestlandet.

Det blir også mykje vatn på vegane. Om du skal ut på køyretur bør du difor vere obs på vassplaning.

I Bergen har fleire allereie fått ein smakebit av regnet som skal bøtte ned.

Til Vestlandsrevyen
Regnvær i Bergen

Det blir vått på Vestlandet.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Fleire farevarsel og storm i vente

Det er venta ein del overvatn i tettbygde område, ifølgje meteorolog Martin Granerød.

Mykje av lauvet frå trea landa på bakken, noko som tettar att kummar og sluk. Dermed renn ikkje vatnet unna, noko som lagar propp i systemet.

Det kraftige lågtrykket frå vest gir oss også ein god del vind, og då særleg på kysten og på utsette stader i fjella. Her kan det bli stiv til sterk kuling.

Lågtrykk byggjer seg opp.
Illustrasjon: Meteorologene

Bur du ved Stad må du halde ekstra godt på hatten. Her kan det bli full storm, seier meteorologen.

Også kysten langs Møre og Romsdal og Trøndelag får merke at det er krefter i sving. Her blir det sørvestleg liten storm i periodar torsdag kveld og natt til fredag.

Atmosfærisk elv i vente

Meteorologane følger nøye med på lågtrykket som no nærmar seg.

Ifølge meteorolog Geir Ottar Fagerlid er situasjon litt spesiell.

Vi har litt varm luft som inneheld mykje vassdamp, og derfor mykje regn.

I tillegg er det kraftig pålandsvind i høgda som gjer at nedbøren trenger godt inn i dalane og fjordane.

Dette i kombinasjon med snøsmelting, gjer at vi kan forvente mykje nedbør og vatn over alt i Vestland fylke, fortel meteorologen.

Mykje nedbør på Vestlandet.

Det er venta mykje nedbør på Vestlandet.

Foto: Meteorologisk institutt

Vestlendingar flest er godt kjente med vêret som no kjem. Granerød seier vêrtypen minner om ei såkalla atmosfærisk elv.

Det betyr ei relativt lang og smal sone med vanndamptransport, der vassdampen har sitt opphav i tropiske område.

Temperaturane dei neste dagane kan krype opp mot 14–15 grader.

Indian summer i november

Men sjølv om det skal bøtte ned dei neste dagane og paraplyen får køyrd seg i all vinden- så hald ut. Laurdag blir det nemleg betre.

Regnet roar seg kraftig ned og dei gode temperaturane held seg. Til dømes kan bergensarane sjå fram til 15 grader laurdag.

– Det blir også veldig mildt austanfjells dei neste dagane, seier meteorologen.

Varmerekorden for Oslo er 16,1 grader i november. I helga kan det gå mot ny rekord, for gradestokken kan krype opp mot 16 grader då.

Fleire andre fylke kan også ligge an til å knuse varmerekordar i november.

– Det minner litt om ein slags indian summer, seier Martin Granerød.