Fare for eksplosjon

Brannvesenet trudde at dei hadde kontroll på brannen på ein krabbefabrikk på Atløy i Askvoll, men no har det på nytt blussa kraftig opp. Alle dei næraste naboane har vorte evakuerte grunna fare for at brannen kan spreie seg. Politiet fortel at det står nokre store kjøleskap i den delen som no har teke fyr, og at det i verste fall kan kome nokre eksplosjonar om dei skulle ta full fyr. Brannvesenet og politi har vore på staden sidan klokka 09 i dag tidleg, og det er no kalla ut meir brannmannskap ifrå Førde.

Brannen på Atløy
Foto: Alf Vidar Snæland