Hopp til innhold

Politiet er ferdige med etterforskinga - påtalemakta har fått saka

Politiet er ferdige med etterforskinga av bussulykka på riksveg 55 ved Fardal der to kvinner omkom i august i fjor. No er det opp til statsadvokaten å vurdere om det skal takast ut tiltale for aktlaust drap mot den svenske sjåføren.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

STORE SKADAR: To kvinner omkom og to personar vart kritisk skadde i ulykka der to bussar kolliderte ved Fardal på riksveg 55.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Vi ser på saka som ferdig etterforska frå politiet si side. Ho vart send over til påtalemakta veka før jul. No må påtalemakta ta stilling på påtalespørsmålet, seier regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Det var 12. august 2013 at ein svensk turistbuss kolliderte front mot front med ein lokal rutebuss vest for Sogndal. Ei kvinne frå Ålesund og ei taiwansk kvinne omkom i ulykka.

Har ikkje erkjent skuld

Begge dei omkomne var i 20-åra, og sat i kvar sin buss. To personar vart kritisk skadde etter kollisjonen. Til saman var rundt 30 personar involverte i ulykka.

Den svenske sjåføren av turistbussen frå Bergkvarabuss vart allereie dagen etter ulykka sikta for aktlaus køyring, men har ikkje erkjent skuld i ulykka.

Åge Løseth

FERDIGE: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, stadfestar at etterforskinga av Fardal-ulykka er ferdig.

Foto: Alf Vidar Snæland

Då politiet gjennomførte ein rekonstruksjon av ulykka, synte denne at den svenske turistbussen var for nær midten av vegen.

Politiet fekk hausten 2013 rapportane frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen, men ønskjer ikkje å utdjupe nærare kva som kom fram i denne.

Den svenske bussjåføren som er sikta for aktlaus køyring, stiller seg uforståande til siktinga. Sjåføren miste i 2011 sertifikatet i seks månadar for aktlaus forbikøyring med buss.

Han vart stoppa av politiet etter å ha teke ei hasardiøs forbikøyring av eit anna tyngre køyretøy på Grotli i Sjåk kommune.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ulykke Fardal i Sogn

Håpar å sende saka til statsadvokaten denne veka

Løseth har tidlegare sagt at det har vore ei krevjande sak å etterforske, både fordi det var mange personar involverte, og fordi mange av dei var frå utlandet.

Sidan fleire av hovudvitna er taiwanske og spanske statsborgarar, gjennomførte politiet rettslege vitneavhøyr, for å kunne leggje desse fram i retten ved hovudforhandlingane.

Løseth torer ikkje spå kor raskt saka kan komme for retten.

– Det er vanskeleg for meg å meine noko om. Det er avhengig av kor raskt påtalemakta kan ta unna saka, og når det kan passe inn hjå domstolen, seier Løseth.

Politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg stadfestar at ho har fått saka i hende.

– Eg sit no og skal komme med ei innstilling, og vurderer om det held til aktlaust drap. Vidare vil saka verte send over til statsadvokaten, som er den som tek ut ein eventuell tiltale, seier Norberg.

Ho trur ikkje det vil ta veldig lang tid før statsadvokaten har landa på sin konklusjon.

– Eg vil tru vi veit meir i løpet av neste veke, seier Nordberg.