Det er fullt lovleg for ein ordførar i Bergen å delta på reklamefilmar på TV. Det har bystyret no slått fast.
Arbeidarpartiet og SV krov i går ei unnskulding av ordføraren for at han brukar seg sjølv i ein reklamefilm for Kaffehuset Friele.
Herman Friele.
Vil ha forbod
Bystyremedlem for SV i Bergen, Knut Johan Larsen, vil ha forbod mot at ordførarar kan spela inn reklamefilmar i privat regi.
I går kveld håpa han å få fleirtal for eit lovforslag i Bergen bystyre.
- Marknadsvridning
Med seg i kampen mot ordførarar i TV-reklame hadde han Jahn Eilert Lohne i Arbeidarpartiet.
- Når ordføraren reklamerer for sitt eige kaffimerke medan han er ordførar, gir han seg sjølv ein fordel. Dette bidreg til marknadsvridning, og det må ordføraren beklaga, meiner han.
Hermann Friele er ein dei mest omtalte ordførarane i Noreg. Mykje av årsaka er at han har vunnet Bergensarane sin gunst som kaffikongen Friele.
Etter at han blei ordførar har han holdt fram meg å vera kaffikonge.
Får halda fram på TV2
No spelar han hovudrolla i sin eigen reklamefilm som rullar på TV2.
I bystyret i går fekk han fleirtalet sin tillit til å halda fram med å vera kaffikonge på TV samstundes som han er ordførar.
- Eg trur alle i byen har eit realistisk forhold til dei to rollene eg har. Eg har ikkje tenkt å endra noko, fortel Friele sjølv.