Får ti nye frisklivssentralar

Frå før har har Sogn og Fjordane berre fem frisklivssentralar. No er ti nye sentralar i fylket under etablering.

Trening på frisklivssentralen i Ålesund

FOKUS PÅ LIVSSTIL: Regjeringa har lenge jobba for at kommunane skal fokusere meir på endring av livsstil blant innbyggjarane sine. Frisklivssentralen er eit tilbod som skal hjelpe folk med nettopp det. Her frå Frisklivssentralen i Ålesund.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Dei fem kommunane som allereie har etablert frisklivssentral er Gloppen, Sogndal, Flora, Naustdal og Hornindal. I landet totalt er det per i dag 145 frisklivskommunar, men fleire er altså under etablering.

Ein frisklivssentral er ei kommunal helseteneste som har som mål å fremje fysisk og psykisk helse, samt førebygge og meistre sjukdom. Frisklivssentralar er ei nasjonal satsing, og intensjonen er at den skal vere ein del av kommunen sitt førebyggande helsetilbod. Sentralane kan til dømes tilby ulike kurs om til dømes kosthald og røykeslutt i tillegg til fysisk aktivitet i ulik form.

Fokus på psykisk og fysisk helse

Regjeringa lenge oppfordra kommunar til å etablere frisklivssentralar. Seniorrådgjevar hos Fylkesmannen, Bjørg Eikum Tang, er glad for å no sjå utvikling også her i fylket.

– Det tykkjer eg er veldig bra. Det er jo ein del av Samhandlingsreforma at vi skal prøve å førebygge meir og reparere mindre. Slik at vi kan førebyggje diabetes, overvekt, kols og mange sjukdommar vi veit har med livsstil å gjere. Og om vi klarar å få folk til å starte med ein betre livsstil, vil også resultata bli betre i forhold til sjukdomsutvikling, seier Eikum Tang.

Ifølgje ho erstattar frisklivssentralen delvis det som heiter «Aktiv på dagtid». Fleire kommunar som har hatt dette går no går over til frisklivssentral, blant anna Stryn.

– Det er eit førebyggande helsetiltak som alle kommunar bør ha, og difor er det mange kommunar som ser at dette er noko dei no vil satse på, seier seniorrådgjevaren.

Det er også høgst truleg at fleire kommunar samarbeidar om å drive frisklivssentral, då særleg dei minste.

– Dei har aktivitetane desentralisert, men den sentrale delen med start- og sluttsamtale i ein kommune.

Tilbod om treningshjelp

Fjaler er ein av dei elleve kommunane som er i startgropa. Dei har allereie på plass tilbod om trening og treningshjelp.

– Befolkninga her er orientert og veit at dei kan få hjelp til trening via fysioterapien utan noko særleg ventetid, seier leiar i fysioterapitenesta, Ivar Vårdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Startar frisklivssentral i Fjaler

I STARTGROPA: Fjaler kommune er blant fleire som no vil fokusere meir på folkehelse. Frå venstre: ergoterapeut og folkehelsekoordinator Katrine Johannesen Field, leiar av fysioterapitenesta Ivar Vårdal, og fysioterapeut Ingunn Vårdal.

Foto: Fjaler kommune

Ifølgje han kjem det fleire tilbod til sentralen utover hausten.

– I samband med å få desse tilboda på plass er det viktig å ha dei riktige ressursane, og der synest eg Fjaler kommune har gjort gode grep. I fjor fekk vi tilsett ergoterapeut i halv stilling, og halv stilling folkehelsekoordinator, seier han.

Men det viste seg at det vart nok å gjere for ergoterapeuten, så då fann kommunen ut at dei måtte auke kapasiteten.

– Vi har no lyst ut folkehelsekoordinator i full stilling, og vore så heldige at vi har fått tilsett ei som har utdanning innan folkehelsearbeid, fortel Vårdal.

Desse kommunane er no i etableringsfasen for å setje i verk Frisklivssentral her i fylket: Vågsøy, Stryn, Jølster, Gaular, Luster, Leikanger, Fjaler, Hyllestad, Bremanger og Årdal.