Hopp til innhold

Får sparken i julegåve frå leiinga

- Det seier seg sjølv at det ikkje var noko hyggeleg, seier Atle Reidar Sandnes ved Kleven Maritime i Førde om å nærast få sparken i julegåve frå leiinga.

Verftsområdet på Øyrane i Førde

Konsernsjef Ståle Rasmussen reknar det ikkje som sannsynleg at det blir vidare drift på 'Ankerløkken' i Førde.

Foto: Kleven Maritime

Sandnes er mellom 59 tilsette som tysdag fekk beskjed om at dei mest truleg vil misse jobben neste vår. Då var det ei fattig trøyst at konsernleiinga rosa dei tilsette for godt arbeid.

- Eg vart oppringd på kommunestyremøtet og vart nedtrykt, seier Sandnes, som er kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Jølster.

Skjedde fort

Konsernet vil no starte drøftingar med fagforeininga framtida til dei tilsette ved verftet i Førde. Anlegget vart leigd som tilleggskapasitet i juni 2008, men vanskeleg marknad gjer at verftet mest truleg blir avvikla våren 2010.

- Vi visste at Kleven hadde eit byggeprogram på fem båtar i Førde. Den siste skulle leverast til sommaren 2010. Etter det såg vi at det kunne vere fare, men ikkje at det ville gå så fort, seier Sandnes.

Ikkje etterspurd kompetanse

Konsernsjef Ståle Rasmussen vonar å kunne hjelpe tilsette til ny jobb. Eit alternativ er jobb ved andre avdelingar.

- Eg trur det kan bli vanskeleg, for den kompetansen vi har er ikkje så veldig etterspurd no. Men vi får berre håpe at det tek seg opp att, seier Sandnes. Ved verftet arbeider det sveisarar, industrirørleggjarar, platearbeidarar og rørleggjarar. I tillegg til maskinfolk, som ikkje er fast tilsette.

Blir jobba

Sandnes veit heller ikkje om han skal våge å håpe på ny aktivitet ved anlegget til tidlegare Ankerløkken. Han vil allereie no sondere terrenget for anna arbeid.

- Eg veit at det blir jobba med, og det har det vore ei tid no. Per i dag er alt veldig usikkert. På grunn av den økonomiske krisa, ligg alt på vent. Men behovet er der. Vi får berre håpe at det går i orden, seier han.