Hopp til innhold

«Har ingenting å klage på - landbasert turisme får sin del av cruisetrafikken»

– Den landbaserte turismen får allereie ein stor del av cruisetrafikken.

Cruise i Olden, Hotel Alexandra, Kvikne Hotel

FÅR SIN DEL: Hotella får sin del av cruisetrafikken, meiner rådgjevingsselskap for reiseliv, Horwath consulting.

Foto: montasje / NRK

Per Erik Winther i rådgjevingsselskapet for reiseliv, Horwath consulting, meiner landbasert turisme får sin del av cruisetrafikken.

Fredag sa hotellsjef Rickard Grov og Sigurd Kvikne at cruisetrafikken er eit stort problem for hotella.

– Den einsidige satsing mot cruise er tankelaus. Det er hotell og pensjonat som kan skape arbeidsplassar gjennom heile året, sa Kvikne.

– Vi har hatt ein stor auke på cruise den seinare tid, men vi er opptekne av at også landbasert reiseliv skal ha ei framtid, sa Grov.

Kan ikkje klage
Richard Grov

FRAMTIDA: Hotelsjef Richard Grov i Loen er ura over framtida til landbasert turisme.

Foto: privat

Men hotellsjefane har ingenting å klage på, meiner Winther. Han viser til tal frå 2011 der cruisepassasjerar stod for over 700 000 overnattingar ved norske hotell.

– Det er ikkje rart at det er slik. Dei aller fleste, altså 80–90 prosent av dei som kjem på cruiseskip har ikkje vore i Norge før. Så dei brukar det som ein visningstur, og når dei ser at det er fint, er det naturleg at dei ønskjer å kome tilbake, seier Winther.

Han meiner cruiseskipa er rein marknadsføring for landsturismen og slik har det alltid vore.

– I tillegg til det er dei uroa over volumet. Men volumet på cruise er jo veldig lite av den totale feriemarknaden. Av verdas feriemarknad er det nemleg snakk om nokre få promillar. Så det er meir enn nok å ta av dersom ein tenkjer seg marknadsføring i annan samanheng, seier Winther.

Lite marknadsføring

Dei burde heller uroe som over kvifor Norge ikkje har høgare del landsturisme enn det dei får, meiner han.

– Etter mi meining skyldast dette at det vert brukt altfor små ressursar på marknadsføring av Norge i utlandet, seier han. Etter å ha jobbe lenge innanfor feltet veit han at Norge er usynleg ute i verda.

Budsjettet på 200–250 millionar kroner som Innovasjon Norge brukar burde vore dobbelt så stort ifølgje Winther.

– Kva bør dei to hotelldirektørane gjere?

Dei har ein mulegheit til å til dømes servere lunsj til turistane, då får dei vist fram produktet sitt og få dei tilbake som vanlege turistar ved eit seinare høve.