Førde enda i fjor nest sist, men sidan både Kristiansund og NTNUI takka nei fekk sunnfjordingane tilbod om den fjerde plassen etter Nyborg, Tromsø og Randaberg.
– Når vi no hadde ledige plassar, så var vi interesserte i å få med så mange norske lag som råd, slik at dei kan får meir internasjonal erfaring, seier David Cox, som er leiar i konkurranseavdelinga i forbundet.
Heimvende proffar
er ei viktig årsak til at Førde no får tilbodet.
– Det er sjølvsagt ein god grunn til å seie at Førde vil kunne lukkast betre i Nordic League, enn dei ville gjort utan dei to spelarane, seier Cox.
Trongt nålauge
No er det opp til dei ansvarlege i Nordic League å avgjere om Førde, Nyborg, Randaberg og Tromsø slepp gjennom nålauge.
– I fjor hadde nok ikkje klubben sin beste sesong, noko som kan skuldast endringar i laget, med mange unge og urutinerte spelarar.
Førde er ein tradisjonsrik klubb som har delteke i Nordic League fleire gonger tidlegare
– Alle papir er no sende inn, og vi reknar med at Førde kjem med, seier Cox.