Hopp til innhold

Får millionar til å utvikle kunstig agn

Fiskevegn AS frå Selje er eitt av fleire selskap som får millionbeløp frå Forskingsrådet til utvikling og innovasjon dei neste åra.

Trond Inge Kvernevik som er sjef ved A/S Fiskevegn

STØTTE TIL INNOVASJON: Fiskevegn i Selje produserer utstyr til oppdrett og fiskerinæringa over heile verda. Dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik er glad for milliongåva frå Forskingsrådet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fiskevegn får mellom fem og sju millionar til å utvikle djupvassdorg for kystflåten. Dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik er glad – men fatta.

– Det er alltid positivt å få løyvingar. Samstundes veit vi av erfaring at ei løyving forpliktar, så det blir eit stort og spennande arbeid som må gjennomførast, seier han.

Pengar til fleire

I tillegg til Fiskevegn AS, får stryningane i Moods of Norway 11 millionar til utvikling av innebygd refleks i moteklede.

Måløyselskapet Ecobait AS får også mellom fem og sju millionar til å drive eit prosjekt som skal utvikle kunstig agn for kommersielt linefiske.

Tre av fire eigarar i dette agn-prosjektet kjem frå Sogn og Fjordane: Fiskevegn, Ecobait og Selje-selskapet Escano AS.

– Ingen garanti for kommersiell suksess

Prosjekta i Sogn og Fjordane er nokre av dei 75 som i 2015 vil få til saman 1,5 milliardar kroner gjennom Brukarstyrt innovasjonsarena, som er Forskingsrådet sitt største næringsretta program.

Kvernevik seier milliongåva kjem godt med, men understrekar at det ikkje automatisk betyr nye arbeidsplassar og vekst for selskapet.

– Det gjev eit potensial som er større enn det var i går, heilt klart. Men det kan skje at vi brukar pengar på utvikling og så blir det ikkje ein kommersiell suksess. Så vi skal i ikkje selje skinnet før bjørnen er skutt, seier han.