Hopp til innhold

– Me er redd endå større verdiar skal gå tapt

Eigarane av den skadde Sandviksboden får kritikk for sikringsarbeidet dei har gjort etter at den freda boden raste saman. I går blei eigarane kalla inn på teppet til fylkeskommunen.

sandiken

ENDÅ IKKJE SIKRA GODT NOK: Hordaland Fylkeskommune kravde øyeblikkelig sikring og mellombels oppgradering av den freda boden. Men fristen for arbeidet går ut i morgon, og den fristen rekker ikkje eigarane.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

I byrjinga av juli rasa store delar av ein freda sjøbod saman i Sandviken i Bergen.

Hordaland Fylkeskommune kravde øyeblikkelig sikring og mellombels oppgradering av den freda boden. Men fristen for arbeidet går ut i morgon, og den fristen rekker ikkje eigarane.

Anne Aune

UROA: – Me er uroa for dei antikvariske verdiane og tryggleiken i boden, seier fungerande Fylkesdirektør for kultur, Anne Aune.

Foto: Mikal Lerøen / NRK

Dei får no kritikk av Fylkeskommunen for arbeidet som er gjort.

– Me er uroa for dei antikvariske verdiane og tryggleiken i boden, seier fungerande Fylkesdirektør for kultur, Anne Aune.

Eigaren av dei freda sjøbodane i Bergen tek sjølvkritikk og innrømmer for dårleg vedlikehald etter at det verna bygget kollapsa. Men dei har altså endå ikkje klart å sikre bygget godt nok.

LES OGSÅ: Sjøbu-eigarane fekk tidsfristar - Hordaland

– For dårleg sikringsarbeid

– Me er redd for at endå større verdiar no skal gå tapt, seier Aune.

Nils Olaf Elvsaas

INNRØMMER DÅRLEG ARBEID: – Eg føler me gjorde dei grepa me trudde var tilstrekkeleg. Men i ettertid ser me at det ikkje var godt nok, seier Nils Olav Elvsaas i eigarselskapet Sandviksbodene 69–72.

Foto: Mikal Lerøen / NRK

På eit møte i går fekk eigarane av Sandviksboden eit brev som peikar på at både grunnkonstruksjonen, dei ytre veggane og taket må sikrast øyeblikkelig for å redde den antikvariske verdien og vareta tryggleiken til de som ferdast i området.

Eigarane innrømmer at dei ikkje har gjort nok for å ta vare på den over 300 år gamle freda Sandviksboden.

– Det er eit omfattande arbeid, seier Nils Olav Elvsaas i eigarselskapet Sandviksbodene 69–72.

– Har de tatt vare på det freda huset slik de skulle?

– I ettertid må eg seie nei til det. Men eg føler me gjorde dei grepa me trudde var tilstrekkeleg.

LES OGSÅ: Sjøbu-eigarane fekk tidsfristar - Hordaland